Posta av Kaare på mar 27, 2012 i Nytt
Laurdag 23 . mars 2012 hadde Avisa Nordhordland heilsides oppslag med tittel «Norsk hjelp gir håp i Moldova».
Artikkelen har tekst og bilde frå marsturen 2012.
Les artikkelen ved å følgja lenka: 2012 03 Nh Moldova artikkel
Les meir
Posta av Kaare på mar 23, 2012 i Nytt
Helseminister Andrei Usatii ønskjer å få i stand ein samarbeidsavtale med Hjelp Moldova. Føremålet er å sikra Kompetransesenteret for synshemma, og sikra det som som i sum er bygt opp gjennom ti års innsats for og med synshemma. Dette kom fram under det timeslange møtet Tatiana Ghidrimshi og Hans Bjørn Bakketeig hadde med ministeren i dag.
Les meir
Posta av Kaare på mar 22, 2012 i Nytt
Fredag 23. mars deltek leiar for Hjelp Moldova, Hans Bjørn Bakketeig, og leiar for Synssenteret, Tatiana Ghidrimshi, på to viktige møte: Tidleg på dagen møter dei helseministeren, og etter lunsj deltek begge på eit større seminar om synshemma. Begge møta går føre seg i Chisinau, hovudstaden i Moldova.
Kåre Ness
Les meir
Posta av Kaare på mar 19, 2012 i Nytt
Irina Doni er tilbake frå fire vekers ferie i Italia. Turen til Venezia tok 17 timar. Først buss frå Chisinau i Moldova til Bucuresti i nabolandet Romania, og så vidare med fly. – Eg reiste åleine, og sov ikkje eit sekund undervegs. Eg tenkte at greier eg dette også, så finst det ingen grenser, seier den sterkt svaksynte 26-åringen.
Irina har det med å sprengja grenser. Ho tok juridisk embetseksamen på normaltid med topp karakterar. Under vårt første møte for to år sia var den nybakte advokaten i ferd med å førebu si første sak for retten. No gav ho oss audiens på kontoret sitt i nasjonalbanken der ho jobbar som senior jurist i lovavdelinga.
Les meir
Posta av Kaare på mar 18, 2012 i Nytt
Kvart år inviterer Jan Askvik i samarbeid med professor Valeriu Cusnir ved universitetssjukehuset Municipal i hovudstaden Chisinau, Moldova, augelækjarar frå heile Moldova til seminar. På seminaret i mars 2012 føreleste Jan for eit trettitals augespesialistar frå heile Moldova.
Les meir
Posta av Kaare på mar 18, 2012 i Nytt
Meldinga om at Nicolae Timofti er vald til president i Moldova, er ikkje referert i norske medier. Verken NRK, Aftenposten eller VG reagerte på tips frå oss om saka. Europeiske nyheitsbyrå og media, inkludert svenske, har omtalt valet.
For Moldova er valet ei svært viktig hending for at den vesle republikken skal ha von om å komma ut av stagnasjon. Landet har vore utan president i snart tre år. Den nye presidenten seier at noko av det viktigaste frametter, er å styrka arbeidt med å orentera Moldova mot Europa. – Utan at det skjer, har ikkje Moldova noko framtid, uttalte Timofti etter valet.
Meir om den nye presidenten finn du på lenka:
http://en.wikipedia.org/wiki/Nicolae_Timofti
Les meir
Posta av Kaare på mar 16, 2012 i Nytt
Dommar Nicolae Timofti er i dag, fredag 16. mars, vald til ny president i Republikken Moldova. Han var einaste kandidat til embetet. Timofti fekk stemmene til alle 62 representantar som var til stades ved avrøystinga. Representantane for det moldovske kommunistpartiet har siste perioden ikkje møtt i parlamentet, og dei 39 kommunist-representantane deltok derfor ikkje i avrøystinga. Minst 61 representantar (av 101) må røysta for ein kandidat for at vedkommande kan velgjast til president.
Moldova har vore utan president i 917 dagar.
Les meir
Posta av Kaare på mar 16, 2012 i Nytt
Dei sit trufast med garn og pinnar og kreerer fargerike kunstverk meint å varma små barneføter – ein stad langt borte. For mange høyrer slike gjeremål fortida til. Men dei godhjarta strikkekvinnene finst framleis. Jamnt og trutt strøymer stappfulle posar med strikkalabbar inn til Hjelp Moldova.
Denne gongen var det ungar i barnelandsbyen Concordia i Pirita som fekk labbegåver. Borna her er enten foreldrelause, foreldra kan ha reist sin veg, eller dei er ikkje i stand til å ta seg av borna. Gåvene skapte begeistring, for då dei små vakna tidleg morgon denne marsdagen, viste gradestokken minus 8.
Les meir
Posta av Kaare på mar 16, 2012 i Nytt
Hjelp Moldova ønskjer å takka hjarteleg for alle bidrag som gjer arbeidet vårt i Moldova mogeleg.
Klikk på lenka for å opna brevet:
2012 03 02 Takkebrev faste gjevarar
Les meir
Posta av Kaare på mar 15, 2012 i Nytt
Doktor Jan konstaterer at dagens første pasient på sjukehuset i Criuleni, aust i Moldova, er eit komplisert tilfelle. Sjukdommen har fått utvikla seg alt for lenge. Om 59-åringen hadde budd i Norge, ville han vore operert for mange år sia.
Augekirurg Jan Askvik har teke seg ei veke «fri» frå Bergen Øyelegesenter. Han var med Hjelp Moldova første gong i 2004. Seinare har han kvart år jobba ei veke vederlagsfritt med og for sine moldovske kollegaer ved sjukehus over heile Moldova.
Pasienten er operert, og Jan kommenterer: – Han såg ingen ting på det sjuke auga. Om nokre dagar ser han. Det var ein krevande reparasjon; som å kjøra bil med sommardekkk på glatt vinterveg.
Les meir
Side 1 av 812345>...Siste »