Logo

To ambulansebilar til Moldova

Hjelp Moldova har fått lovnad om å overta to brukte ambulansebilar frå Helse Stavanger. Bilane er av type Mercedes Sprinter 319 og skal etter planen kjørast til Moldova i løpet av hausten 2021.

Illustrasjonsbilde henta frå Finn.no

Bilane var nye i 2014 og 2015 og har kjørt mellom 250 000 km og 300 000 km. Begge er moderne ambulansebilar med Euro 6 diesel-motor.

Bilane må kontrollerast og få naudsynt service før dei legg ut på den 3000 km lange turen til Moldova. Vi kjem tilbake med meir informasjon når bilane er overtekne, og vi kjem til å be om hjelp og støtte til å finansiera kostnadane som følgjer med.


Les meir


Seks moldovske born og ungdommar, alle pasientar ved Synssenteret i Chisinau, fekk nyleg overlevert spesiallaga briller frå Norge.

Ved hjelp av brillene fekk dei nokre av dei unge pasientane auka synsprosenten frå ca 5% til 50%, andre frå 6% til 60%.

Verknaden er som å få synet i gåve. Dermed vert livet mykje enklare på alle område; i heimen, på skulen og i fritida.

-Det er ei stor oppleving å sjå kor glade dei vert, ikkje berre borna, men også foreldra. Dette gir dei tru på ei betre liv. Vi er svært takknemlege for hjelpa frå Norge, seier Tatiana Ghidirimshi som er leiar for Synsenteret.

I slutten av september fekk senteret besøk av Dan Percuin, som er leiar av komiteen for sosiale saker, helse og familie i det moldovske parlamentet.

-Vi er glade for å sjå at moldovske styresmakter ser kor viktig arbeidet for dei synshemma er, seier Tatiana i ein kommentar til visitten.

Fem av dei seks unge pasientane med nye briller.

 Desse fekk briller:

1. Ilie (5) frå Florești, Alexeevca

2. Dmitrii (12) frå Glodeni, Danu

3. Andrian (16) frå Drochia, Hasnasenii Mari

4. Octavian (12) frå Edineț, Hancauti

5. Gabriela (16) frå Criuleni, Hirtopul Mare

6. Bogdan (6) frå Chișinău. 


Les meir

Nyutdanna optikar til Synssenteret


Tatiana Gavrilluc er tilsett som optikar ved Synssenteret i Chisinau. Tatiana er mellom dei første kandidatane som har fullført optikarutdanning i Moldova.


No har ho bachelorgrad i faget etter tre års studier ved det Medisinske Universitetet. Tatiana har hatt praksisplass ved Synssenteret med dr Tatiana Ghidirimshi som vegleiar.


-Eg gleder meg til å halda fram i fast stilling. Erfaringane eg fekk gjennom praksisplassen her var viktige både for studiet og som praktisk erfaring. No ser eg fram til å utvikla meg vidare slik at eg kan gjera ein god jobb i arbeidet med og for dei synshemma.


Hjelp Moldova gratulerer med ny jobb, og ønskjer henne og kollegaene lukke til!


Les meir

Styresamansetning

Etter årsmøtet i Hjelp Moldova er styret sett saman slik:

Leiar: Jarle Ådlandsvik

Nestleiar: Heidi Kleiven
Kasserar: Sveinung Mo
Styremedlem: Nils Fredrik Nilsen
Styremedlem: Galina Gradinari

Varamedlem: Marit Hundvin
Varamedlem: Vidar Fløysand



Les meir

Støtt oss via Pay Pal

Du kan no støtta Hjelp Moldova økonomisk ved å nytta PayPal. Trykk på lenka: https://www.paypal.me/hjelpmoldova
Les meir

Jarle Ådlandsvik ny leiar

Jarle Ådlandsvik er vald til ny leiar i Hjelp Moldova. Jarle overtek etter Kåre Ness som går ut av styret saman med Tonje Stølsnes Faanes. Nye styremedlemmer er Ingunn Bakketeig og Jorunn Indrefjord.    Bildet: Jarle Ådlandsvik er ny leiar i Hjelp Moldova
Les meir

Trailer på veg til Moldova

I dag, torsdag 22. mars 2018 kjører Nils Fredrik Nielsen traileren sin ombord på Fjordline si ferje i Bergen fullasta med varer til Moldova. Om fem dagar er han framme i Chisinau. Optisk utstyr av ulik art utgjer mesteparten og viktigaste del av lasta. Men Scania´en har også med seg både rullestoler og sjukehussenger som det er stor trong for i Moldova.
Les meir

Årsmøte sundag 8. april

Årsmøte 2018  Tid:      8. april  kl. 17.00. Stad:   Avisa Strilen sine lokale i Knarvik.
Les meir

Årsmøte 8. april 2018

Årsmøte i Hjelp Moldova vert halde sundag 8. april 2018 kl. 17.00 i avisa Strilen sine lokale i Knarvik.
Les meir
Julegåveprosjektet 2017 resulterte i 25.000 kroner! Pengane går uavkorta til familiane som er omtalte i prosjektavisa. Tusen takk til alle som kjøpte gåvebrev.
Les meir