Logo

Hjelp Moldova har fått ei fantastisk nyttårshelsing frå styret for Grieg Foundation. Grieg Foundation støttar arbeidet vårt i 2012 med 300.000 kroner, og har sendt oss brev med slikt innhald:


Les meir

Klikk på linken under

2011 nr 2 MoldovaNytt nyPDF

Her kan du mellom anna lesa om at heimesidene våre har vore “hacka” og dermed ute av drift sidan slutten av oktober.  Vi jobber no med å få på plass tekst og bilete igjen.


Les meir

September 2011: Os vgs til Moldova

Tysdag 6. september reiser to elevar og representantar frå lærarane ved Os vidaregåande skule til Moldova. Målet med turen er at elevar og lærarar skal få sjå korleis midlane dei samlar inn gjennom den årlege Solidaritetsaksjonen ved skulen vert nytta.  Os vidaregåande skule har inngått avtale med Hjelp Moldova som samarbeidspartnar når det gjeld solidaritetsarbeidet ved skulen. Med på turen i september vert også leiar for Hjelp Moldova, Hans Bjørn Bakketeig, samt styremedlemmene Åse Hundvin og Skjoldvor Haukås.

Meir om programmet for besøket finn du under.


Les meir

170.000 kr frå Os vidaregåande skule!

Elevane ved Os vidaregåande skule gir over 170.000 kroner til Hjelp Moldova. Pengane er samla inn gjennom solidaritetsaksjonen skulen har gjennomført i inneverande skuleår, pluss året før.

-Eg er mållaus over innsatsen og det strålande resultatet, sa Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, då han fekk vita dei gode nyheitene måndag 13. juni. I løpet av kort tid får Hans Bjørn på vegne av Hjelp Moldova overrekt sjekken som bevis på den store pengegåva.


Les meir

Hjarteknusaren

Daniel sjarmerte alle i senk med sitt gode humør og vinnande smil. Litt beskjeden i starten, men anna var ikkje å venta i møtet med ein flokk framandfolk. Daniel er fire år og har Downs. Foreldra greidde ikkje å ta seg av eit barn med slikt handicap. Mora ville ikkje sjå guten meir. Faren sa han var død. Tante Ana kunne ikkje tru det, og gav seg ikkje før ho fann barnet. Då var Daniel sterkt understimulert og forsømt.

-Eg vart mor for to månader sia, seier Ana (32). Då adopterte ho tantebarnet sitt. I løpet av den korte tida som har gått, er Daniel vorte som ein ny gut. Snart går han på eigne bein.


Les meir

– Eg finn ikkje ord…

Ion Bugaescu sier han finn ikkje ord for det han føler, men pratar likevel som ein foss. Andletet, ikledd nye briller, talar sitt eige språk. For 27 år gamle Ion vil 17. mai 2011 stå som ein personleg fridomsdag.

Omlag 25 personar har fått utlevert og tilpassa nye briller under besøket vårt i mai 2011. Hans Bjørn og Tatiana har undersøkt 43 personar som får briller eller andre hjelpemidlar i løpet av året.

Bildet: Ion Bugaescu med gamle og nye briller. 


Les meir

Fiksar vegar

Moldovsk vegstandard varierer frå ganske bra til elendig. Difor er det gledeleg å sjå at det på fleire stader går føre seg vedlikehaldsarbeid.


Les meir

Hans Bjørn på JournalTV Moldova

Den 18. mai opna Hans Bjørn Bakketeig “Norwegian Centre” på Ion Crianga universitetet i Chisinau, Moldova. JournalTV laga nyheitsreportasje frå hendinga. Ved å følgja lenka under, kan du sjå innslaget.

Gå fram slik: 1) Klikk på lenka. 2) Klikk på bildet som kjem fram i den store ruta. 3) Klippet med Hans Bjørn startar ca kl 15.59. Det vil seia at du finn det godt forbi midten på tidslina (play-lina). Lykke til!

http://www.jurnaltv.md/ro/news/citeste-tabloidul-apropo-258255/#

Kåre Ness


Les meir

20/5: Engelskkurs byggjer sjøltillit

– Like viktig som at dei lærer språk, er det at deltaking byggjer sjølkjensle.

Det er kursleiar og initativtakar Galina Oltu som seier dette. Ho har invitert ti jentar og gutar i alderen 10 – 12 år på tre månaders engelskopplæring; dobbeltime ein gong i veka. Borna kjem frå svært fattige og barnerike familiar. Hjelp Moldova betaler kursutgiftene. Etter klassebesøk i dag, inviterte vi ungane på McDonald.


Les meir

20/5: Klart for tilbygg på nr 74

Barnehage nr 74 i Chisinau har lenge ønskt seg gymsal/terapirom/aktiviteslokale der born med fysiske handicap kan få trent stive musklar og lemmer. No er draumen i ferd med å gå i oppfylling. Barnehagen har fått godkjent planane, og kan i realiteten setja i gang arbeidet. Direktør Iurie Binzari i entreprenørselskapet Tricomplex SRL er klar å starta opp grunnarbeidet.

Bildet: Teikningane for utvidinga er stempla og klare.


Les meir

Side 28 av 35« Første...1020...2627282930...Siste »