Logo

Monster-reklame

Hovudvegane rundt hovudstaden Chisinau er full av monster-reklametavler; for å selgja politikarar, eller for å selgja varer og tenester.


Les meir

Valkamp

Valentina Buliga stiller for dei moldovske sosialdemokratane og vil rydda opp i byen. Vi møtte henne i mars då ho var sosialminister.


Les meir

Valkamp 1

5. juni er det lokalval i Moldova. Igor Dodon frå kommunistpartiet vil bli ordførar i Chisinau. På plakaten lovar han betre vegstandard.


Les meir

19/5: God sak frå Ungeni

Det unge ekteparet Olesia og Dimitru Gaibu tok mot delegasjonen frå Hjelp Moldova i heimen sin med god mat og god drikke. Ho er farmasøyt ved regionsjukehuset i Ungeni. Han er lege og augekirurg. I mars i år tok Dimitru Gaibu, på vegne av sjukehuset, mot ei omfattande utstyrspakke frå Hjelp Moldova, og augekirurg Jan Askvik var med og tok utstyret i bruk. Dimitru seier at utan dette utstyret hadde dei ikkje hatt noko spesialavdeling for oftalmologi i Ungeni.

(Oftalmologi; frå gresk; ophthalmos ‘auge’ og logos ‘lære’ er det spesialfeltet innen medisin som tek for augelidingar).

Bildet: Olesia og Dimitru Gaibu (Foto: Hans Bjørn Bakketeig)

 


Les meir

18/5: – Blodig urettferdig

Valeri B frå ein landsby nær Criuleni aust i Moldova er 33 år gammal, og mista synet på eine auga då han var 3-4 år. Som 10 åring fekk han katarakt (grå stær) på det andre auga. Guten vart operert, etter “gamlemåten”; noko som innber at dei fjernar linsa på auga. Dette må igjen kompenserast med ekstremt sterke briller. Valeri er stort sett åleine. Foreldra er borte, og han har ein sjuk bror. Valeri har ikkje kunna skaffa seg arbeid grunna synshemminga. Hadde han budd i Norge, hadde han for lenge sia fått hjelp. Det han har mangla, heilt til idag, er 20 minutt hjå optikar eller synslege, og ei tilpassa brille. – Så urettfredig er det å vera fattig i eit fattig land, seier Tatiana Ghidirimshi etter at ho og Hans Bjørn har undersøkt den unge mannen. I september får han nye briller.

Bildet: Hans Bjørn tek mål for å gje Valeri rett storleik på brillene.


Les meir

Hans Bjørn Bakketeig fekk æra av å klippa snora og dermed opna Det norske senteret på avdeling for lærarutdanning ved Ion Crianga Universitetet i Chisinau. Hendinga vart kringkasta direkte på moldovsk TV via kanal Journal 7. Rektor sa det var ei stor og viktig  hending for universitetet, og takka for den norske hjelpa som er eit viktig bidrag for at utdanningsinstitusjonen kan gje studentane moderne språkundervising med moderne hjelpemidlar.

Bildet: Leiar for engelskseksjonen ved universitetet for lærarutdanning, Galina Gradianri, til venstre, saman med Hans Bjørn Bakketeig og rektor ved universitetet. Til høgre fotografen for Journal 7 TV som sørga for at hendinga vart sendt direkte på moldovsk  TV.


Les meir

17. mai-møte med moldovsk minister

Tatiana Ghidirimshi dekorerte den moldovske vise-helseminister Gheorghe Turecanu med stor 17. mai-sløyfe på den norske nasjonaldagen. Ministeren kvitterte med å bruka ein heil time på representantane for Hjelp Moldova. Gheorghe Turecanu sa seg lei for at den moldovske regjeringa ikkje kunne lova økonomisk støtte til Synssenteret Hjelp Moldova har etablert. Den økonomiske og politiske situasjonen i landet tillet ikkje det. Han lova imidlertid hjelp til å skaffa nye og betre lokale til senteret, og han understreka bedtydningen av, og takka Hjelp Moldova for arbeidet organisasjonen har har lagt ned i løpet av snart 20 år.

Bildet: Tatiana Ghidirimshi festar 17. mai-sløyfa på jakka til Gheorghe Turecanu.


Les meir

Laurdag 14. mai besøkte Hans Bjørn og Tatiana sjukehuset i byen Riscani nordvest i Moldova, om lag tre timars biltur frå hovudstaden Chisinau. Besøket der var det første for Hjelp Moldova sine representantar. Likevel møtte dei kjentfolk då dei kom fram. To av legane hadde gått på kurs hjå Hans Bjørn tidlegare.

– Dei tok godt mot oss, og vi fekk eit godt inntrykk  av personalet. Men her er mykje ugjort og oppgåver i massevis. Dei manglar rett og slett alt. Prøvekassen dei har med utstyr for diagnose er så mangelfull at dei er ikkje i stand til utføra ei skikkeleg undersøking av augene til folk, fortel Hans Bjørn på Skype frå Chisinau.


Les meir

13/5: Tre tøffe og travle

Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, har lagt bak seg tre travle og tøffe dagar i Moldova. Han og Tatiana Ghidhirimshi, leiar for Synssenteret, har jobba tett med utredningar av omlag 20 born i hovudstaden Chisinau og landets nest største by, Belti i Nord-Moldova. I Chisinau har dei besøkt Voinicel Kompetansesenter for multihandicappa born, Barnehage nr 135 for blinde og svaksynte, blindeskulen i Belti, samt Municipal Universitetssjukehus.

– Vi har som vanleg eit stramt program, fortel Hans Bjørn, og legg til at slik skal og må det vera når ein skal rekkja over alt som er ønskjeleg i løpet av eit avgrensa tidsrom.

Meir om Hans Bjørn sine gjeremål finn du under.


Les meir

Hans Bjørn reiser til Moldova

10. mai reiste Hans Bjørn Bakketeig på to vekers opphald i Moldova for å følgja opp arbeidet på Synssenteret og dei andre prosjektaktivitetane Hjelp Moldova står bak. Hans Bjørn arbeider tett med dr Tatiana Ghidirimshi som er dagleg leiar for senteret.

– Eg ser alltid fram til at Hans Bjørn kjem hit. Han er ein fantastisk ressurs, og inspirerer oss alle, seier Tatiana. – Uten han hadde vi aldri kunna bygd opp senteret og tilbodet vi i dag har for svaksynte i landet vårt.

Under finn du hovudelementa i programmet Hans Bjørn jobbar med dei neste to vekene.


Les meir

Side 29 av 35« Første...1020...2728293031...Siste »