Logo

2-årsjubileum for Synssenteret

I dag, 29. april 2011, feirer det nasjonale kompetansesenteret for synshemma 2-årsjubileum. Det var viseministeren i ministeriet for familie- og sosiale saker som høgtideleg opna senteret. Hendinga vekte stor merksemd, og var innslag nummer to på den moldovske dagsrevyen. Leiar for senteret, dr Tatiana Gidhirimshi, fortel at i loggen står det per dato oppført at senteret har behandla 1111 pasientar. I tillegg har Tatiana og hennar medarbeidarar, inkludert Hans Bjørn Bakketeig som er leiar for Hjelp Moldova, teke hand om ei rekkje pasientar lokalt over heile landet.


Les meir

Elevrådet ved Os vidaregåande skule (Os vgs) har i år bestemt seg for å gi ein dag til støtte for ”HJELP MOLDOVA”.  Årets Solidaritetsaksjon ved Os vgs går av stabelen i april/mai 2011 og skal vera avslutta før 17. mai. I aksjonstida tek elevane på seg ulike arbeidsoppgåver til ein minstepris på 300 kroner dagen.

– Dette er berre heilt fantastisk. At Os vgs støttar oss slik er ei tillitserklæring, og betyr utruleg mykje for arbeidet vårt, seier Hans Bjørn Bakketeig som leiar Hjelp Moldova.


Les meir

Linda og Ivar: Reisebrev frå Moldova

Sambuarparet Linda Ulvik og Ivar Dahl frå Sotra reiste til Moldova saman med Hjelp Moldova i mars 2011. Ivar hadde vore med som trailarsjåfør tidlegare. Linda var førstegangsreisande til Moldova. Intrykka var mange. No har Ivar skrive reisebrev. Les brevet ved å klikka på lenka under.

http://findus.vm.bytemark.co.uk/moldova/


Les meir

Balti – nest størst i Moldova

Bălţi er den nest største byen i Moldova med om lag 190 000 innbyggjarar. Byen vert ofte  kalla ”den nordlege hovudstaden” og er eit viktig senter for industri, kultur, undervising, handel og transport. Hjelp Moldova kom til Bălţi første gong på slutten av 1990- talet då me besøkte blindeskulen der.

Bildet: Fridomshelten Stefan Cel Mare har fått si statue i Balti også. (Foto frå Wikipedia)


Les meir

Hotel National – gammal storheit

Hotel National i Chisinau, storhotell frå sovjetperioden, står kaldt og tomt, og ingen kan seia om det nokon gong kjem til å ta mot gjestar.


Les meir

21/3: Positive signal frå ministeren

-Vi må byggja vidare på den innsatsen Hjelp Moldova har gjort for synshemma gjennom mange år, sa Arbeids-, familie- og sosialminister Valentina Buliga då ho møtte oss i byen Cosieri i dag, måndag 21. mars. Det var difor svært positivt at ministeren inviterte leiaren for Synssenteret, Tatiana Ghidirimshi, til nytt møte i departementet alt i neste veke.


Les meir

20/3: Ny seng for søstrene Surugiu

Familien Surugiu har fått midlar frå Hjelp Moldova sitt Julegåveprosjekt. For pengane kjøpte mamma Surugiu ny seng til jentene sine.

Dumitrita (bildet) på åtte år er midt i søstreflokken på seks. Ho syntest det er stas å flytta opp frå golvmadrassa som jentene delte før. No søv dei fire minste søstrene på tvers nederst i ny køyeseng medan storesøstrene deler toppetasjen.


Les meir

Brukbilmarknad

Skal du kjøpa bil i Moldova, er bilmarkanden litt utanfor sentrum av Chisinau kvar laurdag og søndag ein interessant stad å besøkja.


Les meir

Umetteleg behov for synshjelp

Andrea Petreanu (7) frå Cantimir i Sør-Moldova er fødd med grøn stær. Ho er operert to gonger. Ein gong som baby, og ein gong rett før ho fylde to år. Om småborn ikkje får hjelp med stær, vil det få dramatiske følgjer for utviklinga deira. Korleis det går med synet til Andrea på lang sikt, er uvisst. Mora er uroa fordi Andrea held bøkene så tett inn til augene. Tatiana og Hans Bjørn undersøkjer Andrea for å gje henne best mogeleg synshjelpemiddel. Dei vil følgja med henne også i åra frametter.


Les meir

18/3: -Ein avgjerande dag

Roland Vieru (64) sier dette er ein av dei viktigaste dagane i livet hans. Jan Askvik skal operera høgre auga hans for grå stær. I tillegg er auga skadd av ein vaier. Roland Vieru er ein kjend kulturperson i Moldova. Han er biletkunstnar og filmskapar. Mest av alt elskar han å laga teiknefilm. Han fortel om kunstnarlivet. Humoristisk og levande. Om problema i sovjetperioden. No har han problem med synet. Han har høyrt om Jan Askvik, og er takksam for å komma i hans hender.

Bildet: Operasjonen er i gang for Roland Vieru


Les meir

Side 30 av 35« Første...1020...2829303132...Siste »