Logo

12. mars: Lang dag, flott finale

Vesle Iraida Chiobanenko liker sjokolade. Det er ikkje kvardagskost i heimen med 10 søsken, men ho og hennar fire søstre og fem brødre får godt stell og masse omsorg av mamma Ludmila og pappa Valentin. Familien bur lenger enn langt ute på landsbygda nord-vest i Moldova. Det var med nød og neppe minibussen tålte påkjenninga dit. Skeptiske og mørbanka trakka vi ut av bussen i kjøleg kveldsmørke etter tre timar på grusom grusveg. Møtet med Iraida og familien vart uforgløymeleg, sterkt, men godt.


Les meir

Vårteikn: Blomeselgjarar langs vegen

Eit sikkert vårteikn i Moldova er det når blomeselgjarane dukkar opp langs vegen med friske, fargerike skogsblomster.


Les meir

Trailaren lossa og lasta levert

Etter seks timars jobbing i moldovske vårvær var trailern tømd og storparten av lasta levert til mottakarar i Chisinau og ei rekkje andre stader i Moldova.

– Utstyret og hjelpa frå Norge gjev oss inspirasjon og mot til å halda fram arbeidet for våre landsmenn i ei tid der mykje står i stampe, og ting er vanskelege, seier Tatiana Gidhirimshi og Galina Gradinari på vegne av mottakarane.

Bildet: Galina Gradinari (til venstre) studerer storleiken på laken som kjem frå bedrifta Sverre W Monsen i Norge. To representantar frå mottakerne, det ortopediske sjukehuset i Chisinau, kom i ukrainskbygd veteran millitærjeep for å henta.


Les meir

Flagg for prisidentbesøk

Full flagging i byen, stengte gater og store folkemengder då visepresident Joe Biden frå USA vitja Moldova 11. mars 2011.


Les meir

Bussar på kryss og tvers

Eit omfattande nettverk av minibussar og trolleybussar fraktar deg over alt i Chisinau, men rekn med at du må ta til takke med ståplass.


Les meir

Fargerikt på torget

Etter kvart er det eit rikhaldig utval av souvninar å få kjøpt i Chisinau – som desse på kunstnartorget ved hovudgata Stefan Cel Mare.


Les meir

Rekordrask fortolling av trailarlasset

Det tok knapt tre timar å få unnagjort tollklarering av lasta i trailaren på tollstasjon i bydelen Botanica i Chisinau torsdag føremiddag 10. mars. Både spedisjonsfirmaet som førebudde dokumenta, og tollvesenet jobba rekordraskt og smidig på ein av dei første vårdagane der sola verkeleg varma i den moldovske hovudstaden. – Over all forventing på alle måtar, smilte trailarsjåfør Nils Fredrik Nilsen då det heile var over i 12 – tida.

Bildet: Tolltenestemannen entrar lastebilen for å inspisera last nr 57 for Hjelp Moldova til Moldova. Sjåfør Nils Fredrik er døropnar.


Les meir

Visepresident Biden besøkjer Chisinau

Den 11. mars 2011 kjem den amerikanske visepresident Joe Biden på eit kort besøk til den moldovske hovudstaden Chisinau der han møter statsminister Vlad Filat og fungerande president Marian Lupu. Internasjonale media rapporterer at visepresidenten vil signalisera at amerikanske styresmakter ønskjer å støtta demokratiske og økonomiske endringar i Moldova.

På bildet tek moldovske vegarbeidarar ein pust i bakken under arbeidet med å fjerna slagholer i hovudgata Stefan Cel Mare i Chisinau før visepresidenten kjem på besøk.


Les meir

Kommodekvil i nr 74

Vi vitja nr 74 i middagskvila midt på dagen 9. mars. Borna søv, litt uvandt for oss, i “kommodesenger”. Denne vesle jenta lurte på kven som forstyrra…


Les meir

-Vi er optimistar og trur på vi greier få det til, seier barnehagestyrar Liubovi Pascari og hennar nestkommanderande Stella Rusnac i kor. Siste ti åra har dei ved god støtte frå Norge renovert barnehage nr 74 steg for steg. Inspirert av norgesbesøk i fjor, ønskjer dei no å utvida med ei ny avdeling for rørslehemma born.

Bildet: Liubovi Pascari og Stella Rusnac viser kvar kvar ytterveggen i den nye avdelinga skal gå.


Les meir

Side 32 av 35« Første...1020...3031323334...Siste »