Logo

Julegåveprosjektet 2010

Julegåveprosjektet held fram også i 2010. Medlemmer og andre kan kjøpa ”aksjebrev” som alternativ julegåve. Pengane som kjem inn, vert nytta for trengande familiar eller enkeltpersonar med tanke på å gje dei eit løft i juletida. Prosjektet har betydd mykje for ei rekkje vanskelegstilde dei siste åra; både i form av pengar/mat/utstyr, men det har også betydd mykje for mottakarane at det er nokon som tenkjer på dei. Lenke til: 2010 Hjelp Moldova - julegavetips 2010 Bildet: Maria Stefirta har fått hjelp fra julegaveprosjektet de tre siste årene. Moren har ofret alt for å ta seg av den 20 år gamle multihandikappede sønnen Pavel  fra han ble født. Les mer om familien i Julegavetipset på lenken over.
Les meir

Barnehage nr. 74 i Chisinau

Barnehage nr. 74 i Chisinau: Nr 74 har fått rehabilitert bad og toilett, her er lagt nye golv, og tilført nytt utstyr og hjelpemidlar. Midlane kjem i hovudsak frå basarane ved Spelhaugen Dagheim for psykisk handicappa i Fyllingsdalen. Spelhaugen har utført eit realt underverk for born og tilsette ved nr 74. Første gong Hjelp Moldova kom til barneheimen vart vi møtt med skepsis (på same måte som vi vart førte gong ved «Statoil-sjukehuset). Dei hadde hatt gjestar før som lovde å koma tilbake med hjelp, men som aldri kom. No vert vi tekne mot som heltar og velgjerarar, og personalet veit ikkje kva godt dei kan gjera for oss når vi er der. No ønskjer barnehagen å byggja ein liten gym-sal på utearealet ved barneheimen, og er nesten i mål med dei ca 10000 Euro som trengst for å realisera dette. Leggetid på nr 74: Her søv ungane i kvar si "kommodeskuff seng" under dyner med nytt trekk på. Vegg i vegg har kvar avdeling nyoppussa baderom og toilett.
Les meir

Kort prosjektoversikt 2010/2011

1) Synsprosjektet: Hovudinnsatsområdet vårt er, og skal i tida framover vera Synsprosjektet. Det kan vi igjen dela inn i: a) Arbeidet ved Det nasjonale kompetansesenteret for synshemma. Kompetansesenteret vart opna av viseministeren i "sosialdepartementet" våren 2008, og representerer på mange måtar summen av nær 10 års arbeid med og for synshemma i Moldova. Arbeidet har gått ut på opplæring av fagpersonale, diagnostisering og formidling av synshjelpemiddel. Hjelp Moldova har tilsett og løner lege, sjukepleiar og ein stabsfunksjon. Augelege og spesialist Tatiana Gidhirimshi leiar sentert. Bildet: Ung gut med splitter ny spesialbrille. Brilla er festa til hovudet/panna fordi guten har ein hudsjukdom på nasa, og derfor ikkje toler ei brille som kviler på nasa. Gjett om han var glad då han fekk ny brille heilt gratis på synssenteret!
Les meir

Medlemsavis nr 3 2010

Ny medlemsavis for Hjelp Moldova. Utgåve 3 i 2010.
-
Klikk på linken under for å lesa avisa:
-

Les meir
Tidlig i.november gikk den 9. basaren til inntekt for barnehjem nr 74 i Chisinau av stabelen: Kr 32.259,50 går uavkortet til barnehjemmet. Der sparer de for å kunne bygge ny gymfløy som et tilbygg til eksisterende bygning (se bildet til venstre).
Les meir

Byrknes Auto støtter Hjelp Moldova

Sju representanter fra Byrknes Auto var med på oktoberturen 2010; fem for første gang. Inntrykkene var mange alt fra dag 1. Tore Johansen, tollansvarlig i Byrknes Auto, har skrevet reisebrev der han formidler sine inntrykk etter turen. Bildet til venstre viser 12 år gamle Ana. Av alle de møtte gjorde hun sterkest inntrykk.
Les meir

Oppsøkjande verksemd

Synsprosjektet inneber oppsøkjande verksemd i tillegg til arbeidet ved Senteret i Chisinau. Her diagnostiserer Hans Bjørn Bakketeig ein ung gut ved blindeskulen i byen Belti.
Les meir
Meir enn 1200 personar med synshemmingar har fått hjelp av Tatiana Gidhirimshi og medarbeidarane hennar på det nasjonale kompetansesenteret for synshemma i Chisinau. Etter halvanna år kan vi slå fast at det unike tiltaket er ein ubetinga suksess.
Les meir

Synsprosjektet

Synsprosjektet har vore hovudinnsatsområdet vårt siste 10 åra, og vil også vera det i åra frametter. Sidan oppstarten har omlag 5000 synshemma fått hjelp frå oss. Prosjektet kan delast inn i tre undergrupper: a) Arbeidet ved Det nasjonale kompetansesenteret for synshemma.   Kompetansesenteret vart opna av viseministeren i "sosialdepartementet" våren 2008, og representerer på mange måtar summen av nær 10 års arbeid med og for synshemma i Moldova. Meir enn 1200 personar har fått hjelp etter oppstarten. Arbeidet har gått ut på opplæring av fagpersonale, diagnostisering av synshemma og formidling av synshjelpemiddel. Hjelp Moldova har tilsett og løner lege, sjukepleiar og ein stabsfunksjon. Augelege og spesialist Tatiana Gidhirimshi leiar sentert. b) Skaffa medisinsk/optisk utstyr til sjukehus og poliklinikkar. Dette pågår kontinuerleg. Ved hjelp av gode kontaktar og samarbeidsparnarar har vi skaffa til veie både nytt og brukt utstyr av høg kvalitet. Hjelp Moldova har i samarbeid med spesialist og augekirurg Jan Askvik ved Bergen Øyelegesenter med fleire skaffa til veie og introdusert moderne utstyr for operasjon av grå stær. Jan Askvik har i fleire år lært opp moldovske kollegaer i bruk av utstyret. Moldova var siste land i Europa som før det opererte grå stær med 50 år gammal teknikk. c) Kompetanseheving for augelegar. Ref avsnittet over: Jan Askvik har i fleire år lært opp moldovske kollegaer i bruk av utstyret. Moldova var siste land i Europa som før det opererte grå stær med 50 år gammal teknikk.All hjelp og hjelpemidlar frå oss er gratis for mottakarne. Optikar og leiar for Hjelp Moldova, Hans Bjørn Bakketeig, har i mange år stått for omfattande kursverksemd innan sitt fagfelt.
Les meir
Behovet er skrikande ved alle sjukehus og institusjonar i landet. Vi har vore heldige og fått overta nytt og brukt utstyr av god kvalitet i Norge og overlevert direkte til sjukehus og institusjonar i Moldova. Våre viktigaste sponsorar er Hjelpemiddelsentralen i Hordaland, andre Hjelpemiddelsentralar i landet, diverse sjukehus og ikkje minst optikarar og andre spesialistar. På bildet operer augekirurg Jan Askvik ein pasient for grå stær ved sjukehuset i byen Cimislia. Rundt står moldovske kollegaer som får opplæring på det nye utstyret Jan har med frå Norge. 
Les meir