Logo

Første Moldovatur 2013

Det er klart for ny Moldovatur. Med 40 par briller i kofferten, spesiallaga i Noreg sidan forrige tur, ser Hans Bjørn Bakketeig fram til årets første arbeidsøkt i Moldova. I tillegg gler han seg svært til Tatjana Ghidirimchi sin doktordisputas den 15. februar. Doktordisputasen blir ein stor “happening”, og fleire nordmenn kjem til Moldova etter kvart for å vêre med på denne store hendinga, mellom anna Jon O. Vevle og Arne Kårstad, organisasjonen sine tidlegare leiarar.


Les meir

Bilete frå sjukehuset

Her finn du nokre bilete frå augelege Jan Askvik sitt arbeid i Moldova.


Les meir

Solidaritetsaksjon på Os Gymnas

Tidlegare i haust var elevane Oda Wågsæther Egenæs og Aleksandra Hjelle frå Os Gymnas med til Moldova. Tysdag 16. oktober heldt dei foredrag for alle medelevane sine på gymnaset, og dei hadde laga ei fin PowerPoint-framsyning med bilete frå Hjelp Moldova sitt arbeid. Med fokus på synshjelp-prosjektet oppfordra dei medelevane sine til å gjere ein innsats på solidaritetsdagen skulen arrangerer den 25. oktober.

Følg denne linken til www.midtsiden.no og ein flott artikkel om dette arbeidet.


Les meir

Hans Bjørn Bakketeig fekk seg ei stor overrasking under Osøren Blues og Jazzfestival (OBJF) sitt bluesarrangement på Peppes, Os, den 31. august. Dei hadde nemleg bestemt seg for å støtta organisasjonen «Hjelp Moldova», og i pausen fekk han overrekt ein sjekk på 10 000 kroner til arbeidet med synshemma born i Moldova. Overraskinga var stor!


Les meir

Side 4 av 41234