Logo

Visepresident Biden besøkjer Chisinau

Den 11. mars 2011 kjem den amerikanske visepresident Joe Biden på eit kort besøk til den moldovske hovudstaden Chisinau der han møter statsminister Vlad Filat og fungerande president Marian Lupu. Internasjonale media rapporterer at visepresidenten vil signalisera at amerikanske styresmakter ønskjer å støtta demokratiske og økonomiske endringar i Moldova.

På bildet tek moldovske vegarbeidarar ein pust i bakken under arbeidet med å fjerna slagholer i hovudgata Stefan Cel Mare i Chisinau før visepresidenten kjem på besøk.


Les meir

-Vi er optimistar og trur på vi greier få det til, seier barnehagestyrar Liubovi Pascari og hennar nestkommanderande Stella Rusnac i kor. Siste ti åra har dei ved god støtte frå Norge renovert barnehage nr 74 steg for steg. Inspirert av norgesbesøk i fjor, ønskjer dei no å utvida med ei ny avdeling for rørslehemma born.

Bildet: Liubovi Pascari og Stella Rusnac viser kvar kvar ytterveggen i den nye avdelinga skal gå.


Les meir

Trailerlast nr 57 undervegs

Fredag 4. mars vart trailer nr 57 for Hjelp Moldova lessa opp på Melkeplassen, i Åsane og på Kokstad. Nils Fredrik Nilsen sit som vanleg bak rattet, og meiner han no er ute på Moldova-tur for 35. gong. Bilen han kjører har Chisinau som destinasjon for 16. gong. Etter planen er han framme med den allsidige og verdifulle lasta onsdag 9. mars.

Bildet: Sjåfør Nils Fredrik er Moldova-veteran. Kristian Ness-Johnsen var med og lasta sin første trailar.


Les meir

I  dokumentarfilmen “Europas bakgård” lærer vi ein del av Moldova å kjenna gjennom fire kvinneskjebner: Med humor og sjølironi strevar dei på kvar sin måte for å overleva i eit land som slit med å koma ut av skuggen av det gamle Sovjet. I møtet med med desse kvinnene blir vi kjente med kvardagen i Europas fattigaste land.

Filmen vart vist under årsmøtet i “Hjelp Moldova” i februar, og er no til sals frå filmskaparen Ida Kleppe; sjå adresse for bestilling under. Den prisbelønna filmen vert vist på NRK i løpet av året.

Bildet: Ida Kleppe som laga filmen frå Moldova. (Foto: Kåre Ness)


Les meir

Årsmøtet 2011: Gjenvalg av styret

Hans Bjørn Bakketeig held fram som leiar av Hjelp Moldova. Alle styremedlemmer som sto på val, hadde sagt seg villige å stilla opp for ein ny periode, og alle vart attvalde.

-Eg er glad for at alle ønskjer å jobba vidare, og eg er takksam for å få ny tillit, seier Hans Bjørn Bakketeig som gleder seg til nye utfordringar i Moldova.

Bildet: Styret i Hjelp Moldova, frå venstre, bak: Astrid Daae Kristiansen, Nils Fredrik Nilsen, Jarle Ådlandsvik, Skjoldvor Haukås og Kåre Ness. Framme står Åse Hundvin og Hans Bjørn Bakketeig. (Foto: Heine Oen)


Les meir

Tett program for mars-turen 2011

I mars 2011 reiser Hans Bjørn Bakketeig, optikar og leiar for Hjelp Moldova, til Moldova saman med augekirurg Jan Askvik og Kåre Ness. Jan Askvik skal undervisa sine moldovske kollegaer i moderne augekirurgi, samt operera nye pasientar. Hans Bjørn Bakketeig skal følgja opp organisasjonen sine aktivitetar i Moldova med hovudfokus på Synssenteret i hovudstaden Chisinau. Vi reknar også med å få eit møte med enten ministeren for sosiale saker, eller med helseministeren. Dato for dette er enno ikkje avklara. Ein trailar fullasta med optisk, medisinsk og anna utstyr kjem til Chisinau 9. mars. Sjåfør er som vanleg Nils Fredrik Nilsen.

Under finn du ein førebels dagsplan for besøket.


Les meir

Frå Grieg Foundation har vi i dag, 14. januar 2011, fått brev med denne fantastiske teksten:

“Takk for søknadsbrev av 1/11-10 med informasjon om det gode arbeid som gjøres for synshemmede i Moldova.  Søknaden har nå vært behandlet i Grieg Foundations styre, og vi har gleden av å meddele at vår stiftelse vil bidra med: NOK 400.000,-

Vi ønsker lykke til videre.”

Vennlig hilsen

GRIEG FOUNDATION, Per Grieg sr


Les meir

Årsmøte 2011

Neste årsmøte i Hjelp Moldova vert halde sundag 27. februar 2011 kl 18.00 i lokala til Hjelpemiddelsentralen (NAV)  på Kokstad.


Les meir

Kort prosjektoversikt 2010/2011

1) Synsprosjektet:

Hovudinnsatsområdet vårt er, og skal i tida framover vera Synsprosjektet. Det kan vi igjen dela inn i:

a) Arbeidet ved Det nasjonale kompetansesenteret for synshemma. Kompetansesenteret vart opna av viseministeren i “sosialdepartementet” våren 2008, og representerer på mange måtar summen av nær 10 års arbeid med og for synshemma i Moldova. Arbeidet har gått ut på opplæring av fagpersonale, diagnostisering og formidling av synshjelpemiddel. Hjelp Moldova har tilsett og løner lege, sjukepleiar og ein stabsfunksjon. Augelege og spesialist Tatiana Gidhirimshi leiar sentert.

Bildet: Ung gut med splitter ny spesialbrille. Brilla er festa til hovudet/panna fordi guten har ein hudsjukdom på nasa, og derfor ikkje toler ei brille som kviler på nasa. Gjett om han var glad då han fekk ny brille heilt gratis på synssenteret!


Les meir

Side 5 av 512345