Logo

Heftig september i Moldova

September 2013 vert truleg den travlegaste månad nokon gong for oss i Moldova. Vi skal stå for kurs og seminar, vera vertskap for 28 norske turistar, ta mot elevar frå vidaregåande skular på Os og i Bergen, og ikkje minst, vi skal feira 20 års jubilum for arbeidet vårt i Moldova med eit stort tal inviterte gjestar frå Moldova og Norge. Totalt vil ca 45 nordmenn koma hit i denne perioden. Vi vonar at når dei reiser heimatt, så har dei med seg gode minne og lyst til å koma tilbake.


Les meir

Full støtte frå UD

Onsdag 14. august møtte Hjelp Moldova seniorrådgjevar Håvard Austad i Utanriksdepartementet (UD) for å orientera om arbeidet for synshemma. UD løyvde tidlegare i år tre millionar kroner til eit tre-årig prosjekt som sikrar vidareføring og videreutvikling av Hjelp Moldova sitt ”Prosjekt Synshelp”.

Bildet: Hans Bjørn Bakketeig og Ingvald Bastesen utanfor UD.


Les meir

Leverandørmøte nr 1

Hjelp Moldova har fått tilsagn frå Utanriksdepartementet om nær tre millionar kroner for dei neste tre åra. Midlane skal nyttast til kompetanseheving for augelegar og anna personell som har med svaksynte å gjera i Moldova, samt naudsynt utstyr for å kunna utreda svaksynte.

Utstyret ønskjer vi å kjøpa i Moldova. På den måten kan vi bidra til ei positiv utvikling av lokalt næringsliv.


Les meir

Gråt ikkje for meg, mamma…

Ti år gamle Mihaela viser med glede fram skulesakene sine: Skriveboka med fine, jamnstore bokstavar som formar ord og setningar og meiningar på rette, beine linjer. Matteboka med sirlege tal og korrekte svar. Positive kommentarar frå læraren, og beste karakterar; 8 og 9, der 10 er topp.

Ho er eit lite under, Mihaela, som for eit par år sia fekk svulst og kreft i hjernen med det som følgje at ho nesten mista synet. Det såg verkeleg ille ut for den vesle, lut fattige familen, og då mamma Natalia fekk “trugsmål” om at ho måtte senda jenta si vekk på blindeskule, var sorg og fortviling knapt til å bera. Og som ikkje det var nok; på toppen av det heile fekk storesøster Victoria leukemi.

Då måtte Mihela trøysta: – Gråt ikke, mamma, det skal nok gå bra.


Les meir

Brillefin og tøff som toget…

Briller byggjer identitet, og er viktig for sjøltilliten. Særleg for tenåringar og unge. Derfor er brilleutdeling ei spanande øving. Passer farge og design? Kjem smil, eller skuffelse når vi set brilla på nasen?

Briller handlar ikkje berre om å sjå godt, men også om å sjå godt ut.

Full klaff når Hans Bjørn set brillene på Ion Chirtoaca (22) som med eitt ser ut som ein kjend filmhelt…


Les meir

Gratulerer med dagen, Tatiana!

Tatiana Ghidirimshi, sjefen vår på Synssenteret (Low Vision Centre) i Moldova, fyller “29” i dag, 24. mai.

Me gratulerer deg hjarteleg med dagen!

LA MULTI ANI, TATIANA!


Les meir

Vesle Semion (3) er fødd svaksynt, har ein komplisert diagnose, men er heldig som har foreldre og storfamilie som bryr seg, og følgjer han opp på alle måtar. Etter dagens augesjekk på Synssenteret, bestemmer Tatiana og Hans Bjørn at Semion skal få med seg leseTV heim. Bestefar og bestemor, som er er med på senteret, spør om bruken av leseTV kan skada synet som er skrøpeleg frå før. Spørsmålet kjem ikkje uventa, for i tradisjonell aust-europeisk  behandling er det ein vanleg oppfatning at den synshemma må vera forsiktig med synsresten han eller ho har, og at bruk av hjelpemiddel kan skada synet.

Bildet: Semion trygg på mammas arm, og oppteken med å fokusera på pennen med raudt, blinkande lys.


Les meir

Hjelp Moldova hadde i dag, (onsdag 22. mai) eit godt og positivt møte med Eremei Prieseajnicuc, rådgjevar for statsminister Iurie Leanca.  Prieseajnicuc verka oppriktig interessert i arbeidet vårt, og lova å hjelpa til med å skaffa meir tenlege for Synssenteret vi driv i Chisinau, og som sørvar heile den moldovske republikken.


Les meir

Hjelper born “utan framtid”

Alika (7) er ei smilande, tillitsfull jente med gode evner, og som syntes det var stas å få undersøkt augene. Alika har problem med å koordinera synet, og er sterkt rørslehemma. Ho er ei av seks multihandicappa born som fekk sjekka synet i dag (onsdag 22. mai) då vi besøkte rehabiliteringssenteret Voinicel i hovudstaden Chisinau.

Bildet: Dr Tatiana Ghidirimshi (til venstre) sjekkar Alika sine auge. Terapeut Marina frå Voinicel ser på


Les meir

Det var høgtideleg å vera nordmann i Chisinau, Moldova tysdag 21. mai. I høve feiringa av den norske nasjonaldagen inviterte den norske ambassaden til norsk konsert med National Philharmonic of Chisinau under leiing av dirigent Torodd Wigum, og med pianist Else Bø som solist.

På programmet sto stykke av Edvard Grieg, Johan Svendsen, Edvart Fliflet Bræin og Terje Bjørklund.


Les meir

Side 3 av 512345