Logo

UD støttar tre-årig prosjekt

Utanriksdepartementet (UD) har gjeve tilsagn om økonomisk støtte til eit tre-årig prosjekt som sikrar vidareføring og videreutvikling av Hjelp Moldova sitt ”Prosjekt Synshelp”. Målet er å gjennomføra opplæring og kompetansehevande tiltak i samtlige 32 regioner i Moldova, og tilføra naudsynt utstyr for diagnostisering og behandling av synshemma. Arbeidet vil skje i nært samarbeid med det medisinske universitetet i hovudstaden Chisinau og universitetssjukehusa.

-Dette er ein stor dag for oss og for alle synshemma i Moldova. Støtta og samarbeidet med UD gjer oss i stand til å verkeleggjera målsetjinga vår: Å tilføra alle som arbeider med synshemma den kunnskapen og kompetanse dei treng for å hjelpa svaksynte og blinde slik at desse får tilgang til utdanning og arbeid og høve til å ta del i vanlege, sosiale aktivitetar, sier Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova.

Bildet: Ung mann med nye spesialbriller som sikrar han arbeid og inntekt.


Les meir

NOK 250 000,- frå Grieg Foundation

Laurdag 2. mars fekk vi denne gladmeldinga i posten:
Takk for søknadsbrev av 18.11.12 med forespørsel om fortsatt bidrag til senter for synshemmede i Moldova. Søknaden har nå vært behandlet i Grieg Foundations styre, og vi har gleden av å meddele at vår stiftelse vil bidra med NOK 250 000 for 2013. Det er et godt og viktig arbeid som utføres og vi ønsker lykke til videre.
Vennlig hilsen Grieg Foundation v/ Per Grieg sr.


Les meir

Årsmøte 7. mars 2013

Årsmøteinnkalling finn du i medlemsavisa under.

Klikk på lenka: 2013 nr 1 MoldovaNytt PDF

Årsmøtet vert halde 7. mars 2013 kl 18.00 i Strilen sine lokale i Knarvik.


Les meir

Stor butikk

I hovudstaden dukkar det stadig opp nye, kjempestore kjøpsentre med butikkar så fine og flotte at du må sjå dei for å tru det.


Les meir

Liten butikk

Såvel i sentrum av hovudstaden som ute på landsbygda finn du ørsmå butikkar som sel det meste du treng av mat og drikke.


Les meir

Moldovske augelegespsialistar (oftalmologar) manglar optometridelen i utdanninga si. Det er ein av grunnane til at synshemma sjeldan får naudsynt hjelp frå helsevesenet. Hjelp Moldova har den kompetansen utdanningssystemet manglar. No jobbar vi med leiing og spesialistar ved det Statlege Medisinske Universitetet for å få til ein samarbeidsavtale der universitet kjøper tenester av oss.

Bildet, frå venstre: Hans Bjørn Bakketeig, optikar og leiar for Hjelp Moldova, Dr. Ion Ababii, MD, PhD, professor og rektor ved det statlege, medisinske universitetet i Moldova (State University of Medicine and Pharmacy), og Dr. med. Tatiana Ghidirimshi. oftalmolog og leiar for Hjelp Moldova sitt Synssenter.


Les meir

Dagbok 18. februar

Julia (16) er tilbake på Synssenteret i følgje med storesøster. Jentene har har vakse opp under vanskelege tilhøve. Julia var utilpass, usikker og nesten som blind å rekna då ho kom første gongen. No verkar ho meir tillitsfull og trygg, og med spesilabriller er ho fullt før til å lesa og studera om ho får sjansen.

Bildet: Dr Tatiana undersøkjer augene til Julia.


Les meir

Jul i februar – 2

Pavel Stefirta er 24 år og multihandicappa. I dag er han kledd i pen bukse, raud skjorte med kort arm, og vest. Mor rettar han opp i rullestolen når gjestane kjem. Pavel sitrar av forventning, og smiler oss i møte. Mor Maria har teke seg av guten kvar dag frå den dagen han kom til verda. I fleire år har Stefirta fått av midlane som kjem frå salet av julegåvekort. -Det er ein stor inspirasjon for oss. Vi er bønhøyrde, seier Maria.


Les meir

“Julekveld” for søstrene Surugiu

Familien Surugio er ein stor familie i eit lite hus i ei lita gate i utkanten av sentrum i ein stor by; Chisinau. Her bur seks søstre i alderen 3 til 17 år saman med mamma. Storesøster Domica utdannar seg til skreddar og har fått seg symaskin. I dag fekk ho nytt strykejarn og strykebrett kjøpt for pengar julegåveprosjektet til Hjelp Moldova. Dessutan fekk familien ny elektrisk kjøkkenomn, ny steikepanne og steikespadar finansiert frå same prosjektet. Det var ein fin dag for mamma Luminita og jentene hennar.


Les meir

Gratulerer med doktorgraden!

Sjeldan har ein kandidat fått så mykje ros for ei doktoravhandling i Moldova. Det hagla med lovord og rosande omtale både av den nyslåtte doktoren som menneske, og for arbeidet Tatiana Ghidirimshi har utført om integrering og rehabilitering av synshemma. Avhandlinga er eit pionerarbeid. Hans Bjørn Bakketeig seier at Tatiana truleg er ein av dei aller fremste på sitt fagfelt i heile Europa.


Les meir

Side 4 av 512345