Logo

Jon O: Gledeleg gjensyn!

Jon O Vevle, første leiar for Hjelp Moldova, kom til Moldova første gong i 1993. No er han tilbake for første gong på 10 år, og gler seg storleg over å møta gamle vener og oppleva kva organisasjonen, der han er æresmedlem, står for i dag.

Bildet: Jon O (til venstre) på kunstmarknaden like ved teateret i hovudgata Stefan Cel Mare der han møtte sin gode ven, karamikaren, som alltid er på plass for å selgja produkta sine.


Les meir

Moldovsk TV jaktar Hans Bjørn

Chisinau 14. februar 2013:

I går var det Publika TV (www.publikatv.md) som hadde nyhende-innslag med Hans Bjørn (leiar i Hjelp Moldova); i dag var det Jurnal TV (http://www.jurnaltv.md/#0). Begge TV-stasjonane er mellom dei leiande i Moldova.


Les meir

Glede og tårer for nye briller

Vesle Francesca (5) fekk på seg nye briller med mørkt filter, såg seg i speilet, smilte modig og sjarmerande, og erklærte at no likna ho på den mest kjende barnestjerna i Moldova! Det syntest ho var heilt OK,  og kvitterte for brillene med å synga ein av songane til TV-helten sin.

I dag var Franscesca ein av ni svaksynte som fekk briller. Igjen fekk vi oppleva gripande scener. Glede og tårer om ein annan. Hjelpa frå Synssenteret medfører utan unntak dramatiske endringar i livssituasjonen for pasientane.


Les meir

Første Moldovatur 2013

Det er klart for ny Moldovatur. Med 40 par briller i kofferten, spesiallaga i Noreg sidan forrige tur, ser Hans Bjørn Bakketeig fram til årets første arbeidsøkt i Moldova. I tillegg gler han seg svært til Tatjana Ghidirimchi sin doktordisputas den 15. februar. Doktordisputasen blir ein stor “happening”, og fleire nordmenn kjem til Moldova etter kvart for å vêre med på denne store hendinga, mellom anna Jon O. Vevle og Arne Kårstad, organisasjonen sine tidlegare leiarar.


Les meir

Elevene ved Os Gymnas har gjennom solidaritetsarbeid ved skolen samlet inn over 80.000 kroner til “Hjelp Moldova”!

– Vi er mektig imponert over engasjement og resultat. Dette er svært viktige midler som uavkortet går til vårt arbeid for og med synhemmede i Moldova. Hjertelig takk til dere alle, sier en rørt Hans Bjørn Bakketeig, leder for Hjelp Moldova.

Under kan du lese elevrådsleder Oda Wågsæther Egenæs sin beskrivelse av hvordan det hele kom i gang, og hvorden de gjorde det:


Les meir

Eit fantastisk engasjement mellom dei tilsette på Kvitebjørn-plattforma har gitt heile 83 000 kroner til Moldova. Det er resultatet av nyttårsauksjonen om bord på den statoilopererte plattforma som produserer gass og kondensat i Nordsjøen. Eldsjel for tiltaket, Geir Johnny Haringstad, fortel om eit eineståande engasjement frå alle om bord.

Leiar for Hjelp Moldova, Hans Bjørn Bakketeig, trudde knapt det han høyrde då han fekk den hyggelege meldinga. Rørt til tårer takkar han hjarteleg for den storslagne gåva!


Les meir

Side 5 av 512345