Logo

Meir enn 1200 personar med synshemmingar har fått hjelp av Tatiana Gidhirimshi og medarbeidarane hennar på det nasjonale kompetansesenteret for synshemma i Chisinau. Etter halvanna år kan vi slå fast at det unike tiltaket er ein ubetinga suksess.


Les meir

Synsprosjektet

Synsprosjektet har vore hovudinnsatsområdet vårt siste 10 åra, og vil også vera det i åra frametter. Sidan oppstarten har omlag 5000 synshemma fått hjelp frå oss. Prosjektet kan delast inn i tre undergrupper:

a) Arbeidet ved Det nasjonale kompetansesenteret for synshemma.

 

Kompetansesenteret vart opna av viseministeren i “sosialdepartementet” våren 2008, og representerer på mange måtar summen av nær 10 års arbeid med og for synshemma i Moldova. Meir enn 1200 personar har fått hjelp etter oppstarten. Arbeidet har gått ut på opplæring av fagpersonale, diagnostisering av synshemma og formidling av synshjelpemiddel. Hjelp Moldova har tilsett og løner lege, sjukepleiar og ein stabsfunksjon. Augelege og spesialist Tatiana Gidhirimshi leiar sentert.

b) Skaffa medisinsk/optisk utstyr til sjukehus og poliklinikkar.

Dette pågår kontinuerleg. Ved hjelp av gode kontaktar og samarbeidsparnarar har vi skaffa til veie både nytt og brukt utstyr av høg kvalitet.

Hjelp Moldova har i samarbeid med spesialist og augekirurg Jan Askvik ved Bergen Øyelegesenter med fleire skaffa til veie og introdusert moderne utstyr for operasjon av grå stær. Jan Askvik har i fleire år lært opp moldovske kollegaer i bruk av utstyret. Moldova var siste land i Europa som før det opererte grå stær med 50 år gammal teknikk.

c) Kompetanseheving for augelegar.

Ref avsnittet over: Jan Askvik har i fleire år lært opp moldovske kollegaer i bruk av utstyret. Moldova var siste land i Europa som før det opererte grå stær med 50 år gammal teknikk.All hjelp og hjelpemidlar frå oss er gratis for mottakarne. Optikar og leiar for Hjelp Moldova, Hans Bjørn Bakketeig, har i mange år stått for omfattande kursverksemd innan sitt fagfelt.


Les meir

Behovet er skrikande ved alle sjukehus og institusjonar i landet. Vi har vore heldige og fått overta nytt og brukt utstyr av god kvalitet i Norge og overlevert direkte til sjukehus og institusjonar i Moldova. Våre viktigaste sponsorar er Hjelpemiddelsentralen i Hordaland, andre Hjelpemiddelsentralar i landet, diverse sjukehus og ikkje minst optikarar og andre spesialistar.

På bildet operer augekirurg Jan Askvik ein pasient for grå stær ved sjukehuset i byen Cimislia. Rundt står moldovske kollegaer som får opplæring på det nye utstyret Jan har med frå Norge. 


Les meir

”Mor og barn” – sjukehuset;

– ofte omtalt som ”Statoil-sjukehuset” grunna stort engasjement mellom Statoil-tilsette til gunst for barneavdelinga. Harry Ertresvaag, tidlegare leiar i Statoil Forpleining, er eldsjel i arbeidet med å rehabilitera pasientrom og sanitærrom ved barneavdelinga. Barneavdelinga var i svært dårleg forfatning då vi kom der første gang for fem, seks år sia. Dei mangla alt; ikkje minst gjorde dei elendige sanitærforholda sterkt inntrykk. Ikkje ein gong varmt vatn var der på dette svære sjukehuset i hovudstaden. No har dei fått modernisert dei fleste sanitærromma, fått masse nytt sengetøy, madrasser, møblar og anna utstyr. Barneavdelinga har fått eit realt løft, men enno står det mykje igjen å gjera.

Bildet viser eitt av dei nyoppussa baderomma på sjukehuset med fliser på golv og veggar, ny vaskemaskin og vaskar med kaldt og varm vatn. Sjukehuset har fått eit realt løft etter at Hjelp Moldova og Statoil-tilsette engasjerte seg her.


Les meir

Arne Kåstad, mangeårig leiar for Hjelp Moldova, er heidra med Hans Majestet Kongens fortenestemedalje i sølv. Bakgrunnen for tildelinga var først og fremst Arne sin humanitære innsast gjennnom mange år som leiar for “Hjelp Moldova”.


Les meir

Side 2 av 212