Logo

Godt Nytt År – Happy New Year

Beste ønskje for det nye året frå alle oss i Hjelp Moldova. Vi oppnådde mykje i året som gjekk, og har store oppgåver framfor oss i året som kjem. Takk for støtte og samarbeid!

Best wishes for the new year from everybody in “Help Moldova”. We achieved much in 2014, and have great tasks ahead of us. Thank you very much for support and co-operation!


Les meir

Den siste novemberuken då tilbrakte jeg mitt ellevte ukesopphold i Moldova. Denne gangen besøkte jeg de to universitetsklinikkene i Cishinau, samt to andre sykehusavdelinger i og utenfor Cishinau. Selv opererte jeg lite denne gangen, men sto for supervisjon og veiledning. Ved den ene universitetsklinikken kunne jeg observere at nær sagt alt utstyr på operasjons avsnittet var donert via Hjelp Moldova.

Bildet: Jan Askvik er imponert over Tatiana Ghidirimshi sin innsats.


Les meir

Nytt nr “moldova-nytt”

Klikk på lenka og les siste nr av “moldova-nytt”:

 

2014 12 03 Moldova nytt Nr 2 2014

 

 


Les meir

Kursglimt frå Moldova

Måndag 1. og tysdag 2. desember  deltok nær 30 augespesialistar, dei fleste frå Chisinau, på seminar i synsrehabilitering og optometri. Seminaret er eit i rekkja av kompetansegjevande vidareutdanningskurs i regi av Hjelp Moldova, og med økonomisk støtte frå UD. Hans Bjørn Bakketeig og Tatiana Ghidrimshi står for opplegg og gjennomføring. Responsen er overveldande.


Les meir

Moldova: Parlamentsval 30/11

I dag sundag 30. november er det parlamentsval i Moldova. Det knyter seg stor spenning til utfallet som vil avgjerda om Moldova skal halda fram arbeidet med å knyta seg nærare Europa. Russland, som støttar utbrytarstaten Transnistria, trugar med å strupa tilførsla av billig gass om om Moldova går mot vest.


Les meir

Ny julegåvefamilie

I ein landsby nær flyplassen i Chisinau bur ei mor med to fem år gamle tvillingar og ei dotter på 13. Faren reiste sin veg då han skjøna at tvillingjentene var handicappa. Med offentleg stønad på 300 kroner månaden og ein like stor sum frå bestemor i Russland er livet vanskeleg. Desto større var gleda sist helg då Hans Bjørn og Tatiana dukka opp med julegåvepengar. Tårene trilla, og gleda var uendeleg.


Les meir

Spennande møte i Tiraspol

Torsdag 27. november arrangerer Hjelp Moldova møte mellom barnehage 44 i Tiraspol og barnehage 135 i Chisinau. Møtet er ein del av arbeidet Hjelp Moldova utfører i FN (UNDP)-regi med føremål å leggja til rette for samarbeid mellom utbrytarstaten Transnistria og moderstaten Moldova.

Bildet: Aktive born i Barnehage Nr 44 i Tiraspol.


Les meir

Nr 74: Glede over tilbygget

Arbeidet i Barnehage nr. 74 går fint framover, og tilbygget vert truleg ferdigstilt før jul. 

-Alle gleder seg! Jubelen står i taket. Nybygget vert supert. Her er godt og varmt golv, tette vindauge og fine lyse vegger. Dette kan vi gjera takk vere samarbeidet med dei vidaregåande skulane, seier Hans Bjørn Bakketeig som var på synfaring i nr 74 denne veka. 

Bildet: Slik såg det ut framfor tilbygget i desember 2013. Alle drøymde, men alt var usikkert, for det fanst ikkje pengar til ferdigstilling. No syter elevane ved dei vidargåande skulane på Os, i Fusa, Bamble og ved Langhaugen i Bergen for at draumen går i oppfylling.


Les meir

Gje ei julegåve med meining

Hjelp Moldova vil også i år gje medlemmer og andre høve til å kjøpa gåvekort til jul. Pengane som kjem inn vert uavkorta fordelt på seks fattige familiar som vi har etablert kontakt med i Moldova. Pengane vert ikkje levert til familiane, men Hjelp Moldova står for bl.a. innkjøp av mat, betaling av fyringsutgifter, ev. utgifter til utdanning osv., alt etter behov.


Les meir

Helse- og omsorgsminister Bent Høie og Moldovas helseminister Andrei Usatii signerte i mai i Genève ein avtale om samarbeid på helseområdet. Fredag 7. november var Hjelp Moldova invitert til møte med Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) i Oslo. Her orienterte Hans Bjørn Bakketeig om Hjelp Moldova sitt arbeid med og for synshemma i Moldova.

– No håper me at det norske helsedepartementet i ly av samarbeidsavtalen kan medverka til at moldovske styresmakter tek ansvar for dei synshemma i landet. I første omgang er det viktig at synshemma-problematikken vert inkludert i nasjonal helseplan for Moldova, seier Hans Bjørn etter møtet.

Bildet: Helseminisitrane Usati (til venstre) og Høye signerer samarbeidsavtalen i Geneve. (Foto: Helsedepartementet).


Les meir

Side 1 av 612345...Siste »