Logo

Synssenteret fem år

I april 2009 opna Hjelp Moldova “Kompetansesenteret for synshemma” i hovudstaden Chisinau. Senteret dekkar heile den moldovske republikken og er unikt i sitt slag. I mai 2014 markerte vi at det har gått fem år sia oppstarten.

Tatiana Ghidirimshi er leiar for senteret.


Les meir

Pionerar i optometrifaget

Sist i juni fekk 14 studentar, som dei første i Moldova, tildelt diplom for å ha gjennomført og bestått grunnutdanning i optometri.

-No er dei gode i refraksjon, det vil seia å finna rett styrke på briller og gje god hjelp til pasientar med synshemming, fortel Hans Bjørn Bakketeig.


Les meir

Spesialistar på bergensbesøk

Forrige veke var travel med fint besøk frå Moldova. Fire legar, samtlege mellom dei fremste augespesialistane i heimlandet, var her i tida 15. – 20. juni. Opplegget er ein del av kompetansebyggingsprosjektet i regi av Hjelp Moldova og finansiert av norske UD.

Bildet: Stor begeistring på Bryggen i Bergen.


Les meir

Optometri for 30 spesialistar

Denne veka var 30 augespesialistar, dei fleste frå Chisinau, inviterte til to-dagars kurs i optmetri. Legane fekk innføring i teori og praksis på eit område det utruleg nok ikkje er tradisjon for i Moldova. Hans Bjørn Bakketeig og Tatiana Ghidirimshi var ansvarlege for innhald og opplegg. Kurset set legane i stand til betre å kunna hjelpa synshemma, samt forstå korleis synshemma kan integrerast i heim, skule og arbeidsliv.


Les meir

Synergi på gamleheimen

For nokre veker sia fekk Hans Bjørn plass på gamleheimen Azilul Rebublican i Chisinau. Han tok med seg Tatiana og dei 14 legane som for tida får etterutdanning i optometri ved det Medisinske Universitetet. Dei gamle tok vel i mot synshjelpa, og studentane fekk god trening i å diagnostisera. Ein glimrande synergieffekt.

.

Bildet: Gamlemor på 88 ønskjer Hans Bjørn velkommen med å deklamera dikt av Puskin!


Les meir

Ein god Moldova-ven er borte

Jostein Vindenes døydde 2. mai 2014, og vart gravlagt i ei fullsett Fana kyrkje ei veke seinare. Han vart berre vel 69 år gammal. Samstundes med gravfærda i Fana, held norske og moldovske vener minnestund og tende lys for Jostein i Chisinau.


Les meir

To dagar i fengsel

Høge murar med piggtråd, solide portar og streng kontroll. Det er dei ytre rammene for 280 fangar i Rusca kvinnefengsel vest i Moldova. Det var med bange anelsar vi drog dit; 12 augespesialistar, Hans Bjørn Bakketeig og ein utanriksKårespondent. Rykte til denne type anstaltar i gamle austblokkland er heller frynsete. Men møtet med desse aller lågast rangerte og vaktarane deira, vart ei god, om enn sår oppleving.


Les meir

I Chisinau Zoo kan du møta over 1000 ulike artar dyr og fuglar frå alle kontinent. Dyreparken er ei romsleg, grøn lunge i den moldovske hovudstaden. Her er vatn, stiar, idyllisk parkanlegg, serveringsstader og rikeleg med leikeareal. Ein ideell stad å roa ned for store og små.


Les meir

Publika TV om Hans Bjørn

Sundag 27. april viste Publika TV, ein av dei største på nyheiter i Moldova, reportasje om Hans Bjørn Bakketeig og arbeidet for synshemma.

Start opptaket ved å klikka på den kvite trekanten i bildet merka med PUBLIKA.MD oppe til høgre. Innslaget kjem etter intro på 2 minutt og 18 sekund:

Lenke til Publika TV

 


Les meir

Alle skal med

Synssenteret 25. april 2014: Åtte utleveringar av briller pluss ein utredning. Ein slags rutinedag for Tatiana, Stela, Ludmila og Hans Bjørn, men ein merkedag i livet for pasienten. Den som ser, er inne, den som ikkje ser, er ute. Synssenteret hjelper menneske inn. Visjonen er: Alle skal med!

Bildet: Bogdan (2) med nye briller på pappas fang.


Les meir

Side 4 av 6« Første...23456