Logo

Hans Bjørn Bakketeig fekk seg ei stor overrasking under Osøren Blues og Jazzfestival (OBJF) sitt bluesarrangement på Peppes, Os, den 31. august. Dei hadde nemleg bestemt seg for å støtta organisasjonen «Hjelp Moldova», og i pausen fekk han overrekt ein sjekk på 10 000 kroner til arbeidet med synshemma born i Moldova. Overraskinga var stor!


Les meir

14. mars: -No kan eg sjå paraden!

Mekanikar i tankdivisjonen i Den Raude Arme i Baltikum, Ghenadie Popov, er ein høgt dekorert helt frå andre verdskrigen. Han hadde ikkje bruk for briller då han slost mot tyskarane i det dei her kallar Den store patriotiske fedrelandskrigen.  No skrantar synet til veteranen frå Dondocheni nord i Moldova, på grensa mot Ukraina. I dag fekk 84-åringen nye briller. Den gamle soldaten takka i “giv akt” stilling og utbraut: -No kan eg sjå og ta del i paraden på sigersdagen over nazistane, 9. mai!


Les meir

Medlemsavis nr 1, 2011

Ny medlemsavis for Hjelp Moldova. Utgåve 1 i 2011.
Klikk på linken under for å lesa avisa:

Les meir

Side 15 av 15« Første...1112131415