Logo

Senteret akkreditert!

Hjelp Moldova sitt Kompetansesenter for synshemma har oppnådd offisiell akkreditering i Moldova. Der betyr at Senteret stettar alle krav lover og føresegner set til medisinske føretak. Akrediteringa inneber driftsløyve for ein periode på fem år, og gjev rett til offentleg tilskot/refusjon for utførte tenester.

– Dette betyr at den moldovske staten  anerkjenner oss som medisinsk institusjon. Det er ein milepæl for senteret, og viktig for å sikra gode tenester for dei synshemma i Moldova, seier Hans Bjørn Bakketeig, sjef for Hjelp Moldova.


Les meir

Takk til julegåve-gjevarane!

Dei siste åra har Hjelp Moldova invitert medlemmer og andre til å kjøpa julegåvebrev. Jula 2014 kom det inn nær 50.000 kroner. Pengane vert nytt til beste for trengande familiar me samarbeider med i Moldova. Her er ein liten rapport om korleis penganen har kome tre av familiane til gode:

Lenke til takkebrev: 2015 07 14 JulegåveNytt Nr 1 Juli 2015


Les meir

Klarsignal frå UD: Stå på i Moldova!

Tirsdag 16. juni er en ny merkedag for Hjelp Moldova. Det norske Utanriksdepartementet innvilga då prosjektmidlar på 3.967.000 kroner slik vi hadde søkt om. Dermed har norske styresmakter gitt oss 100 prosent støtte til å vidareutvikla og sluttføra arbeidet med å etablera eit nasjonalt system for augehelse i Moldova.

– Eg er utruleg letta, glad og stolt aver støtta, seier Hans Bjørn Bakketeig som leiar arbeidet.


Les meir

Innertiar for tre

Åtte svaksynte pasientar fekk nye briller i går (28. mai). Her er tre av dei, med ein ting felles: Synshjelpa har gitt dei nye muligheiter. No kan dei alle, som fullverdige borgarar i Republikken Moldova, ta del i normale, vanlege samfunnsaktivitetar.

Ana (22), den vesle landsbyjenta, trudde ho aldri kunne studera på universitetet i hovudstaden. Men det kan ho!


Les meir

Gjennombrot for nye lokale!

Gladmelding frå Moldova i dag: På møte med statssekretæren i Helsedepartementet fekk vi stadfesta at departementet har til hensikt å gje oss funksjonelle lokale på 200 m2 ved Repulican-hospitalet (det moldovske “Rikshospitalet”).

– Dette er i samsvar med våre ønskje og behov.  27.mai vil bli ein merkedag og ein gledens dag i vår historie, seier Hans Bjørn Bakketeig.


Les meir

Bursdag gav 20 000 til Nr 74

I staden for gåver til 80 års dagen sin, ønskte Årne Kåstad pengar til Barnehage Nr 74 i Chisinau.

Resultat:  20.000 friske kroner til nytt utstyr i barnehagen!

Bildet: Arne på 80-års dagen


Les meir

Arne Kåstad 80 år

Den 28. april 2015 fylde Arne Kåstad 80 år. Den spreke pensjonisten var i ein 10 års periode leiar for Hjelp Moldova. Det var Arne som sto i spissen for å endra organisasjon frå å driva med naudhjelp til å bygga opp eit nasjonalt system for integrering og rehabilitering av synshemma i Moldova.

.

I 2008 fekk Arne Kåstad Kongens fortenestemedalje for innsatsen i Moldova.


Les meir

Ein veldig spesiell dag …

Sundag 3. mai 2015 vart ein minnerik dag for dei handicappa tvillingane Ludmilla og Anastasia, storesøster Gabriella og mamma Rodica. Den vesle familien er ein av dei som får hjelp og støtte frå Julegåveprosjektet til Hjelp Moldova. Jentene hadde nok drøymt om tivoli, brus og pizza, men at draumen skulle gå i oppfylling, var nesten ikkje til å tru.

Les Hans Bjørn sitt referat frå draumedagen under:


Les meir

Årsmøtet onsdag 15. april

Minner om årsmøte i Hjelp Moldova onsdag 15. april kl 18.00 i Strilen sine lokale i Knarvik.

Følg lenka under for å lesa innkalling og saksdokument:

2014 03 23 Finale Avis nr 1 Moldova Årsmøteinnkalling


Les meir

Takk, Purcari for “Takk, Norge”

Følg lenka og sjå den artige filmen vinhuset Purcari sør i Moldova har laga.
Purcari er leverandør til det britiske kongehuset.

Vinar frå Purcari får du no kjøpt på Vinmonopolet.


Les meir

Side 3 av 512345