Logo

Julegåvehjelp til Pavel

Pavel er blitt 26 år, han er sterkt funksjonshemma og er med i julegåveprosjektet vårt i Hjelp Moldova. Mora, Maria Stefirta, har stelt sonen sin med omsorg og kjærleik sidan han vart fødd. For eit år sidan fekk Maria lymfekreft.


Les meir

Dette var ein aprilspøk….

Etter mange års kamp har Hjelp Moldova endeleg fått fullt gjennomslag overfor moldovske styresmakter: Nye lokale på 250 m2, løn frå staten og nyrenovert leiligheit til rådvelde.


Les meir

Årsmøte i Hjelp Moldova

Det vert halde årsmøte i Hjelp Moldova onsdag 15. april kl 18.00 i Strilen sine lokale i Knarvik.

Følg lenka under for å lesa innkalling og saksdokument:

Årsmøte: Sakspapir, Avis Nr 1 – 2015


Les meir

To sider i “Strilen”

Lenke til artiklar om julegåveprosjektet og opninga av nr 74 i avisa “Strilen”:

2015 03 25 Hjelp Moldova i Strilen 25 mars 2015 side for side


Les meir

Nr 74 i “Midtsiden”

Nettavisa “Midtsiden” på Os omtalar i dag opninga av tilbygget i Barnehage nr 74:

http://www.midtsiden.no/tilbygget-ferdig

Bildet: Det norske flagget på plass i Nr 74


Les meir

-Dette har vi venta på så lenge

Fest, glede og framtidsvon! Torsdag 12. mars 2015 var det snorklipping for tilbygget i Barnehage nr 74 i Chisinau. Dagen skriv seg inn som kanskje den viktigaste i barnehagens historie.

.

Bildet: Vesle Valeriu svingar seg i dansen


Les meir

Tiraspol: Mission completed!

FN-oppdraget i barnehage/skule nr 44 i Tiraspol er avslutta. Teamet frå Synssenteret har sjekka synet til samtleg born. Alle som trong det, har fått nye briller. Nr 44 har fått nytt og moderne basisutstyr. Borna er glade, foreldra begeistra, og personalet takksame. Vel blåst, Tatiana, Ludmila og Hans Bjørn!

.

Ecaterina (12) hadde ein ekstremt vanskeleg diagnose.


Les meir

Bravo for Mihaela!

Familien til 11 år gamle Mihaela har kjøpt to geiter og ein gris, lagt inn vatn på eigedommen, sett opp nytt gjerde, kjøpt ved til neste vinter og  starta våronna. Den vesle familien er full av livsvilje og pågangsmot takk vera pengar frå julegåveprosjektet.

Foto: Mihela vaskar hendene i rennande vatn. Julegåveprosjektvatn!


Les meir

Rodica (33) er åleinemor med tre jenter; tvillingar på 6 pluss ein 13-åring. Begge tvillingane har CP.  Den eine er i tillegg sterkt synshemma. Begge har svekka immunforsvar. Lungene sviktar. Ofte må ei av jentene hentast i ambulanse.  Pappa har reist sin veg. Han greidde ikkje ta ansvar for jentene sine.

Søskenflokken treng mamma Rodica 100 prosent. Livet er tøft for Rodica. Men ho er tøff tilbake: – I climb the mountains for my children, seier ho. Borna betyr alt!


Les meir

Det moldovske Justisdepartementet har tildelt Hans Bjørn Bakketeig æresdiplom for arbeidet han og organisasjonen Hjelp Moldova har utført mellom innsette i moldovske fengsel. I alt har omlag 250 fangar i to fengsel fått undersøkt synet av Hans Bjørn og medarbeidarane hans. Omlag halvparten av fangane har fått hjelp i form av briller eller andre optiske hjelpemiddel.


Les meir

Side 4 av 512345