Lykken er: Ei elektronisk lupe
Posted by Kaare on 6 Mar 2015 in 2015Les meir
FN-prosjektet Hjelp Moldova utfører i Barnehage nr 44 i Tiraspol, (hovudstaden i Transnistria), går mot slutten. Den 6. februar sende TV-stasjonen TSV i Tiraspol eit innslag som oppsummerte arbeidet der Tatiana Ghidirimshi og Hans Bjørn Bakketeig har vore fagleg ansvarlege.
.
Klikk på pilen på bildet under og start sendinga frå TSV. Innslaget frå Barnehage nr 44 tek til etter ca 5 minutt og 40 sekunder.
Tittelen er henta frå Tatiana Ghidirimshi si Facebook-side der ho har lagt ut bilde frå noko av programmet ho og Hans Bjørn Bakketeig har gjennomført for Hjelp Moldova i veka som gjekk. Heime i gamlelandet må vi berre gje dei to honnør for godt utført arbeid!
Bildet: Tatiana med ein ung pasient på Senteret
Municipal Universitetsjukehus har fått eit splitter nytt instrument for måling av styrke på linsa i auga. Instrumentet er naudsynt for operasjon av grå stær der pasienten får ny linse. Gleda var stor då Hans Bjørn og Tatiana troppa opp ved sjukehuset og overleverte gåva sist veke.
Hans Bjørn overleverer nytt måleinstrument til overlege Valentina Lupin.
Jubelen står i taket i Barnehage nr 74 i Chisinau. Endeleg er det etterlenkta tilbygget ferdig. Dei nye romma er i ferd med å takast i bruk.
Hans Bjørn fortel:
-Det er heilt fantastisk å sjå kor flott det er blitt. Alle er begeistra og fulle av optimisme. Personalet har delteke aktivt i sluttarbeidet med tapetisering og maling. I mars vert det offisiell opning, men lokala vert tekne i bruk med det aller første.
Bildet: Styrar Liuba viser Hans Bjørn rundt i dei nye romma.
Julegåveprosjektet 2014 vart ein stor suksess. Kasserar Astrid Daae Kristiansen har talt opp nær 50.000 kroner! Midlane skal nyttast til beste for familiane som vart omtalte i brevet som vart laga i samband med presentasjonen av prosjektet.
Hjelp Moldova vil med dette retta stor takk til alle gjevarane.
Bildet: Vesle Mihaela og hennar famile har nett fått innlagt vatn finansiert av julegåvepengar. Her saman med Tatiana Ghidirimshi.