Posted by Kaare on 12 Mar 2012 in 2012
Tamara Urinceanu (49) trudde ikkje sine eigne auge då ho fekk nyebrillene på. Ho vart så rørt at ho ei stund mista munn og mæle. Ho fekk ikkje fram eit ord medan tårene strøymde.
– Eg har drøymt om dette lenge. I dag har verda endra seg. At eg fekk møta dykk, viser at Gud finst, sa ho då stemma kom tilbake.
Les meir
Posted by Kaare on 12 Mar 2012 in 2012
Dumitru bur i Markus-huset i barnelandsbyen Concordia i Pirita aust for elva Nistru i Moldova. I dag fekk han to par splitter nye spesialbriller, pluss eit pent brukt leseTV, gitt av Hjelpemiddelsentralen i Hordaland, til odel og eige. Dermed kan den 12 år gamle guten gå framtida vesentleg lysare i møte.
I alt i dag fekk seks personar utlevert nye briller frå Tatiana og Hans Bjørn. Samtlege hadde vore til konsultasjon og utredning forrige gong Hans Bjørn var i Moldova. Brillene er produsert av, og levert til spesialpris, frå Multioptikk i Norge. I Moldova er det ikkje mogeleg å få laga spesialbriller av tilsvarande kvalitet.
Les meir
Posted by Kaare on 11 Mar 2012 in 2012
Mann og kone tek i mot gjestane frå Norge saman med minstejenta på 9. For tre år sia sto nyehuset deira ferdig – finansiert med midlar frå Hjelp Moldova. Men det viser seg at dei har budd i det grusomme gamlehuset i vinter. Kanskje ville ikkje du sleppt hunden din, eller katten din innafor døra i den bygningen.
Kvifor bur dei ikkje i det nye?
Les meir
Posted by Kaare on 11 Mar 2012 in 2012
Maria Stefirta lever for sonen sin. Pavel er 23 og multihandicappa. Han treng pleie og tilsyn 24 timar i døgnet. Mor Maria matar han, steller han, kler på han, løftar han, snakkar med han og syng for han. Noko av det kjekkaste Pavel veit, er å lytta til musikk frå den norske CD-spelaren som står på sofaen. Då kjem smilet fram, og heile den stive kroppen hans vibrerer i spasmisk dansetakt.
Maria må vera både fysisk og psykisk sterk. Kvar tek ho kreftene frå? Ho seier at ho skjønar det ikkje sjøl heller. Ho trur ho får styrke frå høgare makter, og så seier ho at pengane ho har fått frå Hjelp Moldova sitt julegåveprosjekt har betydd uendeleg mykje.
Les meir
Posted by Kaare on 9 Mar 2012 in 2012
– Møtet med Synssenteret endra livet mitt, fortel Irina Corobca. Irina er 25 år gammal, utdanna lærar og i ferd med å ta mastergrad i pedagogisk psykologi.
– Lupebrillene eg fekk frå Senteret for to år sia, gjorde alle ting lettare for meg. Studiekvardagen vart ein heilt annan. Eg kunne lesa og skriva utan å anstrenga meg slik eg måtte før, og ikkje minst, eg kunne kosa meg med hobbyen min, sying og brodering, på ein heilt ny måte, fortel Irina.
No skal Irina presentera hobbyarbeida sine for ein nasjonal jury. Ho har meldt seg på i ein stor konkurranse og har som mål å oppnå premiering for kunsthandtverket sitt.
Les meir
Posted by Kaare on 2 Mar 2012 in 2012
Kristine Kroklid frå Os er vald inn i styret for Hjelp Moldova etter Skjoldvor Haukås som hadde sagt frå seg attval. Kristine er elev ved Os vidaregåande skule. Os vgs har engasjert seg gjennom Solidaritetsaksjonen ved skulen til fordel for hjelpearbeidet “Hjelp Moldova” utfører i Moldova. Kristine var med som representant for Os vgs på Moldova-turen i september 2011.
Elles er det ingen endringar i styret som har følgjande medlemmer: Leiar Hans Bjørn Bakketeig (Os), nestleiar Åse Hundvin (Lindås), kasserar Astrid Daae Kristiansen (Masfjorden), skrivar Kåre Ness (Lindås), styremedlemmer Nils Fredrik Nilsen (Bergen) og Kristine Kroklid (Os), varamedlem Jarle Ådlandsvik (Askøy).
Les meir
Posted by Kaare on 13 Feb 2012 in 2012, Medlemsavis
Klikk på linken under for å få fram siste nummer av medlemsavisa “Moldova-nytt” nr 1-2012:
2012 nr 1 MoldovaNytt PDF
Les meir
Posted by Kaare on 27 Jan 2012 in 2012
Hjelp Moldova har fått ei fantastisk nyttårshelsing frå styret for Grieg Foundation. Grieg Foundation støttar arbeidet vårt i 2012 med 300.000 kroner, og har sendt oss brev med slikt innhald:
Les meir