Logo

Mai-feiring

Etter å ha vore ein snartur innom Istanbul og filmfestivalen TRT der «Mirakelet i Moldova» hadde to visningar, kom eg til Moldova søndag 14. mai.

Dei første dagane gjekk med til pasientar på senteret, for det meste barn. Det var mange vanskelege og tunge saker. Det er viktig å få foreldra og nærmiljøet deira til å få forståing for problema og kva for moglegheiter og avgrensingar borna sine synshemmingar medfører. Dette gjeld også på institusjonen Voinicel – der borna er frå 0 til 4 år. Nokre av desse multifunksjonshemma klarer vi dessverre ikkje å hjelpe noko særleg, anna enn å gje råd og rettleiing, og å setje dei i kontakt med andre offentlege instansar om det trengs.

Jente m filterbrille

I løpet av veka hadde vi møte med Plahutniuc sin organisasjon Edelweiss. Dei har ulike opplegg for landets innbyggjarar, mellom anna startpakkar for nyfødde og andre humanitære aktivitetar. Synssenteret vårt går inn i eit samarbeidsprosjekt med Edelweiss for ein periode, mest som rådgjevarar. Prosjektet går ut på å undersøkja 10 000 personar over 65 år i regionen Nisporeni. I dette området har dei ingen tilbod om augehelseteneste. Testinga skal gjennomførast av seks augehelseteam, så prosjektet blir omfattande. Vi tar fatt på arbeidet 3. juli. Dei som treng det skal få briller kostnadsfritt, dekka av Edelweiss.

17. mai var vi i barnehage nr. 135 for synshemma og sjekka nokre av barna der. Dette er eit tiltak vi gjer regelmessig. Der stilte vi med norske flagg, i anledning nasjonaldagen – til stor begeistring. Om ettermiddagen fekk eg kjekt besøk frå Norge av Håvard (son), Mari, Lena og Eivind, så dermed vart det litt 17. mai-feiring.

170518

Nils Fredrik Nilsen og fem kollegaer frå Scania-gruppa kom nokre dagar seinare. Begge gruppene var innom senteret og fekk delta på utlevering av briller som vi hadde med frå Norge. Dette gjorde stort inntrykk på våre norske gjester.

På denne turen var vi også i barnehage nr. 74, for multifunksjonshemma, og innom Mor-og-barn-sjukehuset. Det er alltid kjekt å koma her, og forholda ser bra ut. Begge stader er dei svært takknemlege for alt som er gjort frå oss.

Veka vart avslutta med eit besøk på institusjonen i Orhei, for foreldrelause barn og ungdom med funksjonshemming. Dette er ei sterk oppleving kvar gong. Vi avsluttar arbeidsforholdet vi har hatt med ei av dei tilsette her, men vil framleis halde kontakten. Fleire aktørar er no inne med hjelp til denne institusjonen.

Vi jobbar kontinuerleg med å få moldovske myndigheiter til å ta større del og ansvar for synshemma og augehelsetenester.

I helga deltok Tatiana og eg på ein konferanse om førebygging av diabetes. Deltakarane kom frå 14 ulike land frå den gamle Sovjetunionen.

Hans Bjørn Bakketeig