Logo

100 000,- kroner på to timar

Laurdag 11. august blei det samla inn om lag 100 000,- kroner til Hjelp Moldova – og det på berre to timar!
– Eg er heilt overvelda, seier Hans Bjørn Bakketeig.

– Vi høyrde rykte om at organisasjonen står i fare for å miste støtta frå Utanriksdepartementet, og at Hans Bjørn og co dermed må trappe ned aktiviteten i Moldova, så dette ville vi gjere noko med, seier Gunnar Nagell-Dahl.

Gourmetkokken er ein god kjenning av Hans Bjørn, og saman med vennegjengen sin sette Gunnar dermed i gang eit storstilt arrangement i Os sentrum denne laurdagen.

Gunnar-N-D

Johnny Olsen opna arrangementet. På kvar side av scena hadde han sett ut ei bøtte, ei raud og ei grøn.
– Liker de musikken, vil vi gjerne at de legg nokre kroner i den grøne bøtta – dei som ikkje er like nøgde, kan leggja i den raude, smilte han.

Dette vart eit populært tiltak, og den grøne bøtta vart raskt fylt opp, 20 000,- kroner totalt!


Johnny-Olsen-Band_w

Johnny Olsen band sørga for god musikk

Varaordførar Laila Marie Reiertsen delte ut ein sjekk pålydande 20 573,- kroner frå Os kommune. Ei krone for kvar av kommunen sine innbyggjarar per dags dato. Dette var ei stor overrasking!

Torstein Hatlevik frå Haaheim Gaard på Tysnes stilte som auksjonarius for anledninga. Med glimt i auga og glitrande kommentarar fekk han fram både latteren og givargleda hos dei fleste.

Torstein-og-Laila
Torstein og Laila er klare for auksjon. Hammaren var ei høghæla sko.

Fleire av verksemdene i Os bidrog med flotte varer til auksjonen. Her kunne ein by på alt frå ytterdør, boremaskin, vaffeljern og klede til festivalbillettar, hudpleieprodukt og massasje. Restaurant Havnechefen lova 10 % av omsetninga mens arrangementet pågjekk, dvs. mellom kl. 12 og 14. Av andre gåver kan nemnast middag med overnatting på Haaheim Gaard, 12-strengs gitar, måleri, blomsterhyller og mykje anna.

Signe-Marie-m-trillebår

Signe Marie Olsen viser fram nokre av auksjonsartiklane.

Gunnar Nagell-Dahl med fleire baud på mat som folk kunne kjøpe, byggryn kokt i kraft og eplejuice, med sylta raudlauk, røykelaks eller lam. Minsteprisen var 50,- kroner per porsjon. Ein raus givar betalte like godt 500,- kroner for sin rett.

Johs
Johs Thuen byr på røykelaks.

HBB

– Vi takkar alle som har møtt fram, både osingar og langveisfarande. Pengane som kjem inn er svært viktig til å kunne hjelpa enkeltmenneske i Moldova. Det er mange der som treng vår hjelp. No kan vi gje dei synshjelp og unngå at dei går unødvendig blinde, avsluttar Hans Bjørn.

Tekst og foto: Ingunn E. Bakketeig

Se også medieoppslaga: