Logo

Vladimir

Vi møtte Vladimir for første gang i 2009. Då kom han til synssenteret vårt i Chisinau saman med mora. Han var då 15 år gammal.

Vladimir var ein lite positiv gut som ikkje ville gå på skule. Han ville heller ikkje ha hjelp for synet, og meinte han klarte seg bra.

Han hadde knapt syn i det heile, ca. 1 %. Vi fann ut at han trengte briller på -27, og vi var sikre på at dette ville vere viktig for han. Mora ønskte at han skulle få briller, men nei – det var uaktuelt – han skulle ikkje ha briller, det hadde klart bestemt seg for.

Eg fekk heldigvis god kontakt med han allereie første gangen, og etter mykje om og men gjorde vi ei avtale om at han skulle prøva briller i eit halvt år, og så koma tilbake med brillen hvis han ikkje likte den.

Vladimir-og-HB_20180906_TC_800
Foto: Tatiana Chistol

Han starta gradvis å bruka brillen og syntest heldigvis det var ok etterkvart. Også skulegangen gjekk det betre med. Vladimir er no 25 år og har gjennomført pedagogisk universitet. Betre syn gjorde òg at han kunne delta i sportsaktivitetar, og han er no på det moldovske landslaget i handbak. I oktober skal han delta i ein stor meisterskap i Ukraina. Han har bestemt seg for at han skal ta medalje. Den æra vil han dela med oss på senteret som har motivert og hjelpt han til å klara dette.

I går var han på senteret for å få nye briller, det vart ei sterk oppleving.

Hans Bjørn Bakketeig