Logo

Nytt, viktig utstyr levert Moldova

Denne veka har vi hatt besøk av to teknikarar frå Noreg som har montert viktig og nødvendig utstyr for å unngå blindheit og for å gjera ei god diagnostisering. Arvid Wiig frå Sevest AS har montert nytt utstyr på synssenteret og på to sjukehus, og Magne Grundvaag frå Essilor har montert ein masse nytt utstyr til optometriutdanninga.

På sjukehuset “Emergency hospital” har Arvid Wiig montert ein laser for behandling av blant anna netthinneproblematikk.

Ved diabetes følgjer det i halvparten av tilfella problem som kan føra til blindheit dersom dette ikkje vert behandla. Dette er den fjerde laseren av dette slaget vi gir til Moldova. Teamet på Emergency-sjukehuset er svært flinke og vil få umiddelbar funksjon av dette utstyret. Vi har den siste tida fokusert på å få større aktivitet for denne behandlinga.

Arvid fra Sevest
Teknikar Arvid Wiik frå Sevest AS monterer laseren. Foto: HBB

Det har stor verdi å ha dette sjukehuset med på “laget”. Det er viktig å laga eit samhald mellom legane på dei ulike sjukehusa for at dei skal bli trygge på behandlinga og våga å gjera dette. Dette var også noko av fokuset som dr. Jan Askvik hadde då han var i Moldova for nokre veker sidan. Då hadde han opplæring på dei sjukehusa og institusjonane som har fått laser tidlegare og som skulle få utstyr no. Dette er kanskje den viktigaste behandlinga vi kan gjera for å unngå unødvendig blindheit.

Arvid har i tillegg også montert utstyr for forundersøkingar og etterbehandling av cataract (grå stær). Dette vart gjort på sjukehuset Republican og er viktig for behandling av pasientar frå heile landet.

Arvid gir opplæring ny laser
Dr. Vitalie får opplæring i kvorleis laseren skal brukast. Eit viktig instrument for å redde synet! Foto: HBB

På synssenteret fekk vi på plass eit instrument for måling av synsfelt og for å måla trykket i auga, som er viktig for ei god diagnostisering.

Magne Grundvaag monterte ein masse nytt utstyr til optometriutdanninga. I hovudsak er dette montert på eit av universitetssjukehusa, “Municipal” i hovudstaden Chisinau. Det er viktig at studentane ved optometristudiet får tilgang på moderne utstyr slik at dei ser at det er eit spennande studie dei er ein del av, at dei får ein god praksis og blir motiverte til å fortsetta på studiet. Dette er viktig for framtidas synshjelp i Moldova. Utstyret vil òg bli brukt på sjukehuset for å undersøka pasientar dagleg.

Både Arvid og Magne fekk oppgåver med å driva service på allereie levert utstyr. Dei gjorde ein strålande jobb, vi samarbeidde godt og hadde kjekke dagar saman. Det er viktig å ha gode og flinke samarbeidspartnarar – tusen takk!

Hans Bjørn Bakketeig
Chisinau 29.10.18