Logo

Droppa klassetur – ga pengane til Moldova

Femten elever på helselinja ved Os vidaregåande skule samla inn vel 20 000,- kroner for å reisa på klassetur. I staden gav dei pengane til Hjelp Moldova.


– Vi merkte at vi ikkje kom i mål med å finansiera noko tur, vi trengte jo rundt 100 000 kroner. Det blei ikkje snakk om at nokre få skulle reisa, det var alle eller ingen.

– Vi har framleis lyst å besøka Moldova og å bli kjent med arbeidet som blir gjort og korleis organisasjonen jobbar. Men vi trur dei hjelpetrengande har endå meir bruk for pengar enn at vi kjem på besøk, seier elevane.

moldova-os-vgs-helse1b-dsc00331_KVB
Sjekken frå 15 elevar som droppa klasseturen sin. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy.

– Dei hadde planar om å bruke pengane på seg sjølve, i staden gir dei pengane til et godt formål. Det er heilt fantastisk og vi er veldig takknemlege. Med desse pengane kan vi gi hjelp til mange synshemma i Moldova, seier Hans Bjørn Bakketeig, som fikk overrekt sjekken på skulen torsdag.

Les meir på Midtsiden.no

 

Ingunn E. Bakketeig