Logo

September 2011: Os vgs til Moldova

Tysdag 6. september reiser to elevar og representantar frå lærarane ved Os vidaregåande skule til Moldova. Målet med turen er at elevar og lærarar skal få sjå korleis midlane dei samlar inn gjennom den årlege Solidaritetsaksjonen ved skulen vert nytta.  Os vidaregåande skule har inngått avtale med Hjelp Moldova som samarbeidspartnar når det gjeld solidaritetsarbeidet ved skulen. Med på turen i september vert også leiar for Hjelp Moldova, Hans Bjørn Bakketeig, samt styremedlemmene Åse Hundvin og Skjoldvor Haukås.

Meir om programmet for besøket finn du under.

Program for turen i september 2011:

Tysdag 06. september:

Avreise frå Bergen med Air Baltic via Riga til Chisinau, Moldova.

Onsdag 07. september:

Før lunsj: Besøk på Hjelp Moldova sitt nasjonale kompetansesenter for synshemma.

Senteret vart opna for to år sidan og Hjelp Moldova har ansvar for drifta. Fire personar er tilsett, og hittil er ca. 1000 pasientar undersøkte. Her skal vi ha utlevering av briller og synshjelpemiddel som vart tilpassa på førre tur og kanskje utredningar av nye pasientar.

Etter lunsj: Besøk på Hospital Municipal, Sfinta Treime.
Dette sjukehuset er svært viktig for arbeidet vårt i Moldova. Her har organisasjonen tilført svært mykje utstyr både for operasjon og utredning (diagnostisering). Det er på dette sjukehuset dr. Jan Askvik har arbeidd mykje med operasjonar av grå stær.

Torsdag 9. september:

Før lunsj: Besøk ved ”Mor og barn-sjukehuset”: På dette sjukehuset har vi foretatt ei stor rehabilitering med fokus på hygiene; mellom anna er fleire bad er pussa opp, og sjukehuset er tilført utstyr både for pasientar og legar. Statoil og Kokkelauget har spela ei sentral rolle i dette arbeidet.

Etter lunsj: Besøk i  Barnehage nr. 74 : Dette er ein barnehage for multihandikappa barn. Også her er det gjort ein stor rehabilitering med oppussing av bad med mykje meir. Spelhaugen dagsenter

 Fredag 9. september: 

Heimebesøk til ulike familiar:

Familie 1 har ein multihandikappa gut som treng trening og oppfølging. Gjennom pengar som vi samlar inn til jul får denne og andre familiar ei hjelp til å klare forpliktingane sine.

Familie 2: For to år sidan bygde vi eit nytt hus til den tuberkuloseramma denne familien. Prosjektet har vore svært utfordrande, men det ser ut til å gå bra med familen no. Gjestane skal få sjå huset og korleis familien bur.

Familie 3: Søskenparet Ana og Andrej bur i landsbyen Trebuceni, ca. 1 time frå Chisinau. Dei vart foreldrelause i fjor haust, 12 og 10 år gamle. Dei har også fått ein del hjelp gjennom organisasjonen.

Laurdag 10. september:

Omvisning i hovudstaden Chisinau

I dag blir det ein rolegare dag med sightseeing, og både katedralen, den store marknaden og hovudgata er verd eit  besøk. Det blir òg tid for litt shopping for dei som ynskjer det.

Sundag 11. september:

Tur til landsbyane Molovata, Cocieri og Creuleni

I dag tar vi turen ut av byen. Vi skal heilt på grensa til staten Transnistria. Her arbeider vi på ein aldersheim i landsbyen Cocieri og på eit sjukehus i landsbyen Creuleni. Her vil vi også levera ut briller til pasientar som er utreda før.

Det vert truleg lunsj i landsbyen Molovata hos familien til Tatiana Ghidirimshi som er leiar for Synssenteret. I denne landsbyen har vi tankar om eit nytt prosjekt, kanskje vi får anledning til å sjå på dette.

Måndag 12. september:

Heimreise – avreise Chisinau via Riga til Flesland.

ankomst Flesland kl 2030.

Lenke til Os vgs sitt solidaritetsprosjekt 2011/2012.