Logo

Mission completed

Tidlegare denne månaden bestemte den norske regjeringa seg for å gje 300 nødrespiratorar til Moldova, Kosovo og Nord-Makedonia. I dag tidleg, måndag 26. april, overleverte Nils Fredrik Nilsen saman med Kåre Ness 100 respiratorar til moldovske helsestyresmakter.   Respiratorane vil inngå som del av utstyret på ambulansebilar, og slik vera eit godt førstelinjebidrag i kampen mot pandemien. Moldova er særleg hardt ramma av covid-19. Sjukehusa er i stor grad overfylte med koronapasientar, og innbyggarane i landet har levt med mange og strenge restriksjonar over lang tid. Overlevering av første nødrespirator Nils Fredrik overleverer første respirator til ambulansepersonale.  Dei fleste koronasmitta kjem gjennom sjukdommen utan å måtta på sjukehus, men for dei sjukaste pasientane med koronainfeksjon er det naudsynt med pustehjelp. Når behovet er større enn tilgjengeleg kapasitet, kan nødrespiratorane frigi meir avanserte respiratorar til pasientar som treng dei mest. I ei pressemelding frå det norske helsedepartementet seier helseminister Bent Høye: – I Norge greidde vi heldigvis å slå ned smitten våren 2020, og fekk aldri sjølve behov for nødrespiratorane. Vi er derfor i den heldige situasjon at vi kan tilby respiratorane til Moldova, Kosovo og Nord-Makedonia som er hardt ramma av covid-19 og ikke har same tilgang på medisinsk utstyr som Norge har. Respiratorane vart lasta opp hjå produsenten i Kristiansand for snart ei veke sidan. Turen i splitter ny lastebil og tilhengar har gått fint gjennom sju koronaherja land: Danmark, Tyskland, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Romania og fram til destinasjonen Chisinau i Moldova. Lasting av traileren Lasting i Kristiansand. På grensa inn i Moldova oppstod det visse utfordringar fordi grensepolitiet ikkje ville godta mellombels vognkort på den nye lastebilen. I tollen Ut frå tollområdet. Politieskorte Politieskorte for å få klar bane til losseplassen. Etter nokre timar var problemet løyst takk vera god bistand frå ambassaden i Stockholm, det moldovske utanriksdepartementet og vår eminente lokale kontakt i Chisinau, dr. Tatiana Ghidirimshi, leiar for Hjelp Moldova sitt synssenter. Innstillinga til den norske ekvipasjen endra seg til å vera overstrømmande hjelpsam, noko me er svært glade for! Tatiana_KN Tatiana Ghidirimshi alltid klar til innsats Nils Fredrik Nilsen har kjørt hjelpesendingar til Moldova meir enn 60 gonger i løpet av dei siste 25 åra, alle for organisasjonen Hjelp Moldova. Litt tilfeldig denne gongen kom vår gode samarbeidspartnar og Moldova-entusiast i Tønsberg, Tron Olav Hotvedt, i kontakt med den moldovske ambassaden i Stockholm som var på leit etter mogeleg transportør. Han formidla kontakten vidare til Hjelp Moldova. Nils Fredrik hadde akkurat overtatt sin nye semitrailer og var ledig for utanlandsoppdrag. Dermed kom transporten i gang på svært kort varsel. Tekst og foto: Kåre Ness