Logo

Nyutdanna optikar til Synssenteret


Tatiana Gavrilluc er tilsett som optikar ved Synssenteret i Chisinau. Tatiana er mellom dei første kandidatane som har fullført optikarutdanning i Moldova.


No har ho bachelorgrad i faget etter tre års studier ved det Medisinske Universitetet. Tatiana har hatt praksisplass ved Synssenteret med dr Tatiana Ghidirimshi som vegleiar.


-Eg gleder meg til å halda fram i fast stilling. Erfaringane eg fekk gjennom praksisplassen her var viktige både for studiet og som praktisk erfaring. No ser eg fram til å utvikla meg vidare slik at eg kan gjera ein god jobb i arbeidet med og for dei synshemma.


Hjelp Moldova gratulerer med ny jobb, og ønskjer henne og kollegaene lukke til!