Logo

«Skreddersydde» briller skaper glede og optimisme


Seks moldovske born og ungdommar, alle pasientar ved Synssenteret i Chisinau, fekk nyleg overlevert spesiallaga briller frå Norge.

Ved hjelp av brillene fekk dei nokre av dei unge pasientane auka synsprosenten frå ca 5% til 50%, andre frå 6% til 60%.

Verknaden er som å få synet i gåve. Dermed vert livet mykje enklare på alle område; i heimen, på skulen og i fritida.

-Det er ei stor oppleving å sjå kor glade dei vert, ikkje berre borna, men også foreldra. Dette gir dei tru på ei betre liv. Vi er svært takknemlege for hjelpa frå Norge, seier Tatiana Ghidirimshi som er leiar for Synsenteret.

I slutten av september fekk senteret besøk av Dan Percuin, som er leiar av komiteen for sosiale saker, helse og familie i det moldovske parlamentet.

-Vi er glade for å sjå at moldovske styresmakter ser kor viktig arbeidet for dei synshemma er, seier Tatiana i ein kommentar til visitten.

Fem av dei seks unge pasientane med nye briller.

 Desse fekk briller:

1. Ilie (5) frå Florești, Alexeevca

2. Dmitrii (12) frå Glodeni, Danu

3. Andrian (16) frå Drochia, Hasnasenii Mari

4. Octavian (12) frå Edineț, Hancauti

5. Gabriela (16) frå Criuleni, Hirtopul Mare

6. Bogdan (6) frå Chișinău.