Logo

To ambulansebilar til Moldova

Hjelp Moldova har fått lovnad om å overta to brukte ambulansebilar frå Helse Stavanger. Bilane er av type Mercedes Sprinter 319 og skal etter planen kjørast til Moldova i løpet av hausten 2021.

Illustrasjonsbilde henta frå Finn.no

Bilane var nye i 2014 og 2015 og har kjørt mellom 250 000 km og 300 000 km. Begge er moderne ambulansebilar med Euro 6 diesel-motor.

Bilane må kontrollerast og få naudsynt service før dei legg ut på den 3000 km lange turen til Moldova. Vi kjem tilbake med meir informasjon når bilane er overtekne, og vi kjem til å be om hjelp og støtte til å finansiera kostnadane som følgjer med.