Logo

Ambulansane overleverte til Hjelp Moldova

Hjelp Moldova har fått overlevert to brukte ambulansebilar frå Helse Stavanger. Bilane kom til Bergen med Fjordline, og står inntil vidare i Knarvik.

Bilane på plass i Knarvik

Ambulansane vert å sjå på stand i Knarvik Senter fredag 12. og laurdag 13. november, samt Lonevåg Senter laurdag 13. Då vert det høve til å høyra meir om prosjektet, samt støtta det økonomisk.

Planen er å kjøra bilane til Moldova så snart alle formalitetar er klarerte.

-Vi må sjølsagt sjå an korona situasjonen i landa vi kjører gjennom, og ta omsyn til det, seier Heidi Kleiven som er nestleiar i Hjelp Moldova. Ho skal vera sjåfør på eine bilen.

Kvar bil skal ha to sjåførar. Turen til Moldova er på rundt 3000 kilometer og vil ta rundt fire dagar, pluss/minus alt etter trafikk og føre.

Begge bilane er av type Mercedes Sprinter, er i god stand, og ser fine ut. Bilane vert kontrollerte av Bertel O Steen før avreise.

Hjelp Moldova sender stor takk til:

Helse Stavanger
Bertel O Steen
Fjordline