Logo

Ymre (2) kjører Moldova-ambulanse


Det var god interesse for dei to ambulansane Hjelp Moldova viste fram i sentra på Knarvik og Lonevåg laurdag 13. november. I Knarvik syntes to-åringen Ymre det var stas å sitja i førarstolen.

(Foto: Heidi Kleiven)


På begge sentra var det ein jamn straum som stakk bortom for å sjå, spørja og støtta prosjektet ved å vippsa pengar, eller leggja setlar og myntar på bøssene. I kontantar kom det inn omlag 15 000 kroner. 

Julia (8) legg pengar på bøssa i Knarvik. (Foto: Kåre Ness)

Hjelp Moldova har fått kjøpa dei to  bilane for 60 000 kr frå Helse Stavanger. Bilane er i god stand, og bør kunna gjera teneste i mange år for dei nye eigarane; to sjukehus i hovudstaden Chisinau i Moldova.

Moldova-veteranar på stand i Lonevåg: Arne Kåstad, Roar Vevle, Sveinung Mo og Jarle Ådlandsvik (Foto: Hilde Kåstad)

No gjeld det å få bilane av garde så snart som mogeleg. Etter planen er det avreise med Fjordline til Danmark førstkommande fredag, men det er avhengig av at dei nye vognkorta kjem Hjelp Moldova i hende innan den tid.

Takk til alle gode hjelparar!

God tur til alle sjåførane!

Tekst: Kåre Ness