Logo

Formidling av utstyr og hjelpemidlar til sjukehus og institusjonar:

Behovet er skrikande ved alle sjukehus og institusjonar i landet. Vi har vore heldige og fått overta nytt og brukt utstyr av god kvalitet i Norge og overlevert direkte til sjukehus og institusjonar i Moldova. Våre viktigaste sponsorar er Hjelpemiddelsentralen i Hordaland, andre Hjelpemiddelsentralar i landet, diverse sjukehus og ikkje minst optikarar og andre spesialistar.

På bildet operer augekirurg Jan Askvik ein pasient for grå stær ved sjukehuset i byen Cimislia. Rundt står moldovske kollegaer som får opplæring på det nye utstyret Jan har med frå Norge.