Synsprosjektet
Posted by Kaare on 1 Nov 2010 in 2010, Prosjekter
Synsprosjektet har vore hovudinnsatsområdet vårt siste 10 åra, og vil også vera det i åra frametter. Sidan oppstarten har omlag 5000 synshemma fått hjelp frå oss. Prosjektet kan delast inn i tre undergrupper:
a) Arbeidet ved Det nasjonale kompetansesenteret for synshemma.
Kompetansesenteret vart opna av viseministeren i "sosialdepartementet" våren 2008, og representerer på mange måtar summen av nær 10 års arbeid med og for synshemma i Moldova. Meir enn 1200 personar har fått hjelp etter oppstarten. Arbeidet har gått ut på opplæring av fagpersonale, diagnostisering av synshemma og formidling av synshjelpemiddel. Hjelp Moldova har tilsett og løner lege, sjukepleiar og ein stabsfunksjon. Augelege og spesialist Tatiana Gidhirimshi leiar sentert.
b) Skaffa medisinsk/optisk utstyr til sjukehus og poliklinikkar.
Dette pågår kontinuerleg. Ved hjelp av gode kontaktar og samarbeidsparnarar har vi skaffa til veie både nytt og brukt utstyr av høg kvalitet.
Hjelp Moldova har i samarbeid med spesialist og augekirurg Jan Askvik ved Bergen Øyelegesenter med fleire skaffa til veie og introdusert moderne utstyr for operasjon av grå stær. Jan Askvik har i fleire år lært opp moldovske kollegaer i bruk av utstyret. Moldova var siste land i Europa som før det opererte grå stær med 50 år gammal teknikk.
c) Kompetanseheving for augelegar.
Ref avsnittet over: Jan Askvik har i fleire år lært opp moldovske kollegaer i bruk av utstyret. Moldova var siste land i Europa som før det opererte grå stær med 50 år gammal teknikk.All hjelp og hjelpemidlar frå oss er gratis for mottakarne. Optikar og leiar for Hjelp Moldova, Hans Bjørn Bakketeig, har i mange år stått for omfattande kursverksemd innan sitt fagfelt.