Logo

Synssenteret: Umetteleg behov for hjelp

Meir enn 1200 personar med synshemmingar har fått hjelp av Tatiana Gidhirimshi og medarbeidarane hennar på det nasjonale kompetansesenteret for synshemma i Chisinau. Etter halvanna år kan vi slå fast at det unike tiltaket er ein ubetinga suksess.

Dette faktum vert understreka av representantar frå helseministeriet, universitet, sjukehus og helsepersonale over heile landet. Pasientpågangen er konstant stor frå alle kantar; for stor til at alle kan få den hjelpa dei skulle hatt. Difor har Tatiana teke til med oppsøkjande verksemd utanfor Chisinau. Det gjev håp for synshemma i distrikta. Problemet er berre at arbeidsmengda for Tatiana og hennar medarbeidarar vert umenneskeleg stort. På litt sikt kan senteret i hovudstaden få større og meir tenlege lokale. Kanskje kan staben utvidast med fleire spesialistar slik at arbeidspresset vert meir overkommeleg.

All konsultasjon og alle hjelpemidlar som vert delte ut, er gratis. Hjelp Moldova betaler løn for dei tilsette. Mesteparten av løna kjem inn gjennom midlar vi får frå støttespelarar som har gjort avtale om fast trekk kvar månad.

Dersom du kan tenkja deg å støtta tiltaket med ein fast sum, stor eller liten, kan du kontakta kasserar Astrid Daae Kristiansen på telefon 991 63 456.

Kåre Ness