Logo

Prosjekt synshjelp

Hjelp Moldova sin hovudaktivitet dei siste tolv åra har vore Prosjekt synshjelp:

Visjonen er å rehabilitere og integrere alle synshemma slik at dei kan delta i sosialt liv; skule, arbeid, heim og fritid.

 

  • har etablert eit nasjonalt kompetansesenter for synshemma i hovudstaden
  • driv opplæring av legar, pedagogar og administratorar i heile landet
  • diagnostiserer synshemma
  • utstyrer alle sjukehusa i Moldova med naudsynt utstyr for behandling av synshemma
  • introduserer moderne augekirurgi på landets sjukehus
  • er i gang med å utvikle optometri som ein del av universitetsutdanninga
  • samarbeider med FN om synshemma barn i Transnistria
  • samarbeider med Norlam om synstesting av innsatte i fengsel

Andre prosjekt:

  • rehabilitering av “Mor og barn”-sjukehuset
  • rehabilitering av barneheim nr. 74 for multifunksjonshemma
  • vatn til landsbyen Voinova
  • hjelp til fattige familiar og tuberkoloseramma
  • fjernadopsjon/støtteprosjekt/julegåveprosjekt
  • fyringsanlegg og nytt tak til blindeskule