Logo

Hanna sine opplevingar i Moldova

6.-12. september var eg med representantar frå Os vidaregåande skule til Moldova. Denne skulen valte  nemleg å støtta “Hjelp Moldova” på solidaritetsdagen deira, og to elever og nokre av lærarane fekk dermed reisa til Moldova for å sjå kva pengane skulle gå til. Grunnen til at eg var med, er at det er far min som er leiar for dennne organisasjonen. Han har vore med i dette arbeidet i ti år, og det var veldig kjekt å sjå kva han har arbeidd med i Moldova på fritida.

Skulestil – Studietur til Moldova

”Hjelp Moldova” er ein liten, religiøst og politisk uavhengig organisasjon. Alt arbeidet deira er frivillig og basert på dugnad. Arbeidet starta i 1994, og det er utruleg mykje organisasjonen har fått gjort på desse åra, men dessverre mykje meir som kan ordnast der. Moldova er det fattigaste landet i Europa og er det vi kallar for eit u-land. Etter at eg no har vore der ei veke er det lett å sjå kvifor. Det er eit ”usynleg” land som ikkje så mange tenkjer over og bryr seg om, dei færraste har høyrt om landet. Det er få som tenkjer at det er eit så fattig land i Europa, i og med at vi sjølv har det så godt. Når vi ser forskjell på korleis vi har det og korleis det er der nede, bør vi verkeleg ikkje klage. Nokre plassar der er elendige, og det er utenkjeleg at det kan vere slik.  Her heime klager vi på den minste ting, som i Moldova berre hadde vore ei pirkesak.

Hovudarbeidet til organisasjonen er synshjelp. I Moldova er det nemlig mange som er svaksynte, og synshemma barn har inga framtid, dei får ikkje gå på skule, ta utdanning eller komme i arbeid. Livet blir meiningslaust, og det er derfor ”Hjelp Moldova” prøver å gi dei ei mulegheit. Dei har starta eit synssenter der dei sjekkar barn og vaksne med svært dårleg syn. Hjelpemidla dei synshemma får tildelt, er gratis, enten det er ei ny brille, lupe eller lese-tv. Dette gjer at dei svaksynte får ei ny framtid, eit nytt liv og mulegheit for deltaking i samfunnet. Vi hadde med oss om lag 50 par spesialtilpassa briller i kofferten. Gleda over å sjå pasientane bli så glade for å få ein brille, var fantastisk. Heime i Noreg er det ikkje noko problem å få seg briller, det er berre å gå til ein optikar, ta ein synstest og kjøpa ein ny brille. Og er du svært svaksynt, får du det gratis. I Moldova er det ikkje slik – der er det svært mange som ikkje har råd til det. Dermed vert det både latter, tårer og mykje glede ved utdelinga.

Organisasjonen skaffar i tillegg alle sjukehusa i landet ordentleg godt utstyr for augeoperasjon, og dei underviser personalet. Ein gong i året har dei med seg ein augelege som opererer på åtte ulike sjukehus, også han er frå Os.

Men det er ikkje berre syn som er viktig. Sjukehusa i Moldova er ikkje slik som eg synest eit sjukehus skal og bør vere. Ingen sjukehus i Noreg ser slik ut som dei gjer i det fattigaste landet i Europa. Utstyret, hygienen, lukta – alt er annleis. Då vi gjekk i gangane på ”Mor og barn”-sjukehuset måtte eg presse for å halda tårene inne. Eg syntest det rett og slett var forferdeleg. Organisasjonen har pussa opp nokre avdelingar, men det er likevel ikkje nok for at sjukehuset skal bli sett på som fint og bra, det er enda ein lang veg til det.

Vi fekk sjå ein barneheim for utviklingshemma der borna bur på avlasting, og nokre heile tida. Organisasjonen har pussa opp barnehagen, og nokre av dei tilsette der har vore på besøk i Noreg for å få litt opplæring. Det var utruleg mange herlige barn som var der, og det var ei fin kjensle å sjå kor glade dei var.

”Hjelp Moldova” hjelper også nokre svært fattige familiar som har dårleg hus og slit med mat og pengar. No har familiane fått det mykje betre enn dei hadde, takk vere denne organisasjonen.

På universitetet i hovudstaden Chisinau opna dei ein ”norsk seksjon” i vår. To rom er pussa opp og er utstyrt med datamaskiner frå Noreg, noko som er veldig bra for universitetet. Det er det einaste universitetet i Moldova som utdannar lærarar, og det går 6000 studentar der.

Denne reisa synte meg at organisasjonen har fått gjort utruleg mykje bra i Moldova, noko som er kjempebra og gler mange! Men landet er svært fattig, og det er framleis mykje som er elendig. Derfor treng ”Hjelp Moldova” pengar og støtte frå andre også. Eg trur at alle som reiser dit og ser korleis det er, vil få eit nytt syn på kvardagen sin, og bli mykje meir takknemlege for det dei har. Dei fleste vil nok hjelpe landet og støtte organisasjonen, når dei ser kor mykje dei har fått gjort og kva som trengs. Etter mi forståing har nok Os vgs fått noko bra ut av denne turen også, og eg håper dei vil støtte dette vidare. Som elev på Os gymnas hadde det vore veldig kjekt om skulen min òg hadde valt ”Hjelp Moldova” til sin solidaritetsaksjon. Organisasjonen treng gode samarbeidspartnarar for å drive arbeidet vidare.

Hanna Bakketeig

IMG_0651

To glade gutar som har fått nye briller av far min!

IMG_1086

Ein 3-roms i studentboligen.

 

På sjukehuset står sengene tett. Foto: Hanna Bakketeig

På sjukehuset står sengene tett. Foto: Hanna Bakketeig

IMG_1074
Butilhøva er annleis enn i Noreg. Foto: Hanna Bakketeig

Den norske delegasjonen.

Den norske delegasjonen v/ katedralen.