Logo

Kristine Kroklid ny i styret

Kristine Kroklid frå Os er vald inn i styret for Hjelp Moldova etter Skjoldvor Haukås som hadde sagt frå seg attval. Kristine er elev ved Os vidaregåande skule. Os vgs har engasjert seg gjennom Solidaritetsaksjonen ved skulen til fordel for hjelpearbeidet “Hjelp Moldova” utfører i Moldova. Kristine var med som representant for Os vgs på Moldova-turen i september 2011.

Elles er det ingen endringar i styret som har følgjande medlemmer: Leiar Hans Bjørn Bakketeig (Os), nestleiar Åse Hundvin (Lindås), kasserar Astrid Daae Kristiansen (Masfjorden), skrivar Kåre Ness (Lindås), styremedlemmer Nils Fredrik Nilsen (Bergen) og Kristine Kroklid (Os), varamedlem Jarle Ådlandsvik (Askøy).