Logo

– Synssenteret endra livet mitt

– Møtet med Synssenteret endra livet mitt, fortel Irina Corobca. Irina er 25 år gammal, utdanna lærar og i ferd med å ta mastergrad i pedagogisk psykologi.

– Lupebrillene eg fekk frå Senteret for to år sia, gjorde alle ting lettare for meg. Studiekvardagen vart ein heilt annan. Eg kunne lesa og skriva utan å anstrenga meg slik eg måtte før, og ikkje minst, eg kunne kosa meg med hobbyen min, sying og brodering, på ein heilt ny måte, fortel Irina.

No skal Irina presentera hobbyarbeida sine for ein nasjonal jury. Ho har meldt seg på i ein stor konkurranse og har som mål å oppnå premiering for kunsthandtverket sitt.

Me møter Irina i den koselege heimen til foreldra hennar i landsbyen Saseni i Calarasi-regionen vest for hovudstaden Chisinau. Frilansar og filmfotograf Eugen Lillelid er med og festar møtet til levande film. Det høver godt for Irina. Ho treng å få laga ein presentasjonsvideo med seg sjøl og kunsthandtverket sitt til juryen i konkuransen ho har meldt seg på.

Jobben med å laga videoen tek Eugen seg av med stor entusiasme og utan kostnad. Irina sit i midten og leiar for Synssenteret, Tatiana Ghidirimshi, til venstre.

Irina Corobca var fødd med synshemming; ein form for grå stær, noko som gjorde henne svært handicappa. Eine auga er heilt blindt. I første klasse kunne ho så vidt greia å skimta store bokstavar i ei bok om ho held boka kloss opp i det friske auga. Ho var likevel heldig på den måten at ho hadde ressurssterke foreldre som kjempa for barnet sitt og følgde henne opp på alle måtar, trass i at dei måtte slost mot eit helsevesen som heller jobba mot dei enn med dei.

I etterkant har foreldra tenkt at radioaktivt nedfall frå Tsjernobyl kunne vera årsak til at barnet deira vart fødd med skadd syn. Irina er fødd i 1986, same året som eksplosjonen i kjernekraftverket i naboilandet Ukraina. Tanken er heller ikkje ukjent for dei som arbeider ved Synssenteret. Pasientstatistikken viser at talet på barn og unge med synshemmingar er forholdsvis mykje høgare i Moldova enn i Norge.

Irina Corobca, Calarash, 25 år Masterstudent i psykologi/pedagogikk

Opptak for Hjelp Moldova film + promoteringsfilm for Irina

For snart ti år sia, før Kompetansesenteret for synshemma var etablert, fekk Irina eit leseTV gjennom Hjelp Moldova. Eit slikt hjelpemiddel kan fungera godt for brukaren, men det er så stort og tungt at det berre kan nyttast stasjonert. Den store omveltinga i Irina sitt liv kom då tilfeldig fekk høyra om Senteret, og fekk møta Tatiana og Hans Bjørn der. Dei undersøkte augene hennar og gav henne lupebrilla som ho no har så god nytte av.

 

Irina arbeider med å sy bluse til moldovsk nasjonaldrakt.

Leiar for synssenteret, Tatiana Ghidirimshi, sier at ho er så imponert over kunnskapen og kompetansen Irina har som pedagog og psykologistudent, at ho ønskjer å tilby henne jobb ved senteret når ho har gjort unna mastergraden om vel eit år.

– Me har stor trong for ein fagperson med pedagogisk psykologisk bakgrunn som kan og følgja opp dei som får hjelp og utstyr frå oss, seier Tatiana. Ho understrekar at det er ikkje alle som utan vidare forstår kva muligheiter synshjelpemidla gjev dei, og mange treng eit menneseke som kan støtta dei i ein periode. – Irina har førstehands kjennskap til kva det vil seia å vera synshemma, ho har ein sterk fagleg bakgrunn, og ho er levande interessert i å hjelpa andre, seier Tatiana.

Så kanskje møter me Irina Corobca igjen som samarbeidspartnar om eit år eller to. Heilt sikkert er det at me møter igjen fotograf Eugen Lillelid i tida frametter. For ein månads tid sia hadde han og underteikna ein hyggeleg prat med dei to første leiarane for Hjelp Moldova, Jon O Vevle og Arne Kåstad. Denne seansen gjorde  Eugen opptak av, og festa til filmen. I etterkant vart han så interessert å historien til Hjelp Moldova at han bestemte seg for å vera med på turen til Moldova no i mars. Med tid og stunder kan me sjå fram til ein film som presenterer delar av historien til Hjelp Moldova; særleg med vekt på arbeidet for synshemma.

Opptak med veteranane i stova på Vevle: Eugen festar mikrofonen på Arne Kåstad. I midten sit Jon O Vevle som var første leiar for Hjelp Moldova.

Tekst og foto: Kåre Ness