Logo

– Veit ikkje kvar eg får kreftene frå

Maria Stefirta lever for sonen sin. Pavel er 23 og multihandicappa. Han treng pleie og tilsyn 24 timar i døgnet. Mor Maria  matar han,  steller han, kler på han, løftar han, snakkar med han og  syng for han. Noko av det kjekkaste Pavel veit, er å lytta til musikk frå den norske CD-spelaren som står på sofaen. Då kjem smilet fram, og heile den stive kroppen hans vibrerer i spasmisk dansetakt.

Maria må vera både fysisk og psykisk sterk. Kvar tek ho kreftene frå? Ho seier at ho skjønar det ikkje sjøl heller. Ho trur ho får styrke frå høgare makter, og så seier ho at pengane ho har fått frå Hjelp Moldova sitt julegåveprosjekt har betydd uendeleg mykje.

For tre år sia fekk Maria pengar frå julegåveprosjektet så ho kunne kjøpa ny vaskemaskin. Det snudde nesten opp ned på kvardagen hennar, seier ho. Seinare har ho fått litt pengar kvar jul. Det gjer at ho i periodar har kunna ta sonen med til bading i basseng med godt, varmt vatn. Elles kjem pengane vel med til husleige, mat og klede, og ikkje minst at ho kan kjøpa papirbleier til sonen.

Nokre gonger besøkje me mor og son når me er på oppdrag i Moldova, og stikk til henne nokre ekstra kroner. Det kjem vel med når ho skal betala husleige og gass. Mannen hennar er ufør og arbeidslaus. Pensjonen er verken til å leva eller dø av.

Eugen Lillelid gjer filmopptak med mor og son. Galina Gradinari deltek som tolk og intervjuvar. For Pavel og Maria vert det eit artig avbrekk i kvardagen. Pavel set tydeleg pris på at kamera peikar på han, og smiler mot linsa.

Maria takkar med heile seg for hundrelappane ho får i handtrykket når me seier far vel. Så greier ho utgiftene til gass denne perioden utan at det går ut over noko anna. For oss er det ei glede å gje, med med snev av bismak i lys av vår eigen velstand.

Galina Gradinari til venstre, Pavel i stolen og mor Maria til høgre.

 

Tekst og foto: Kåre Ness