Logo

Visitt hjå familien R

Mann og kone tek i mot gjestane frå Norge saman med minstejenta på 9. For tre år sia sto nyehuset deira ferdig – finansiert med midlar frå Hjelp Moldova. Men det viser seg at dei har budd i det grusomme gamlehuset i vinter. Kanskje ville ikkje du sleppt hunden din, eller katten din innafor døra i den bygningen.

Kvifor bur dei ikkje i det nye?

Dei har ikkje pengar til gass og oppvarming, men dei greier skaffa kol til å fyra omnen i det gamle. Nok ein gong får me oss ein tankevekkar. Det har vore, og er, ei utfordrande oppgåve å hjelpa den lutfattige, tuberkuloseramma familien.

Familien R bur i ei bygd ein halv times biltur frå hovudstaden Chisinau. Første besøket vårt der, det er kanskje snart 10 år sia, gjorde eit sterkt inntrykk på medlemmene frå Hjelp Moldova. Me hadde knapt sett større elende. Huset var skakt og skeivt, øydelagt av eit jordskred, mor og born ramma av tuberkulose, og hygienen så slett at det vanskeleg kan skildrast. Alle ville så gjerne gjera noko slik at dei kunne få muligheit til å kvitta deg med den alvorlege sjukdommen!

Største utfordringa i dag var å komma seg turrskodd og på beina over over ein sølete veg, eit sleipt jorde fullt av hestemøk og ei lita islagt elv siste biten fram til vertskapet. Dei var i bra humør, tok vel i mot oss, og viste oss inn i nyehuset som har stått tomt i vinter.

Ekteparet R ventar på gjestene frå Hjelp Moldova på jordet framfor nyehuset.

Dei sa dei hadde planar for å få ein eldstad fyrt med kol i nyehuset. Dei vart glade for lovnad frå oss om pengar til gass for dei neste to månadene – slik at dei kan flytta ut frå gamlehuset no. Mann og kone sette pris på at me lova komma tilbake med matforsyning til familien om ei veke. Då vil me også følgja opp at dei får orden på gassforsyninga fram til sommaren.

Me spurde korleis det gjekk med kua som fire av oss spleisa på til familein for to år sia. Då smilte mannen og sa at kua var drektig med kalv for andre gong. Spleisekua har vore viktig for familien; både fordi at det gjev status å ha ei ku, og ikkje minst for at familien er sjølforsynt med mjølk.

Kåre Ness
UtanriksKÅREspondent/Chisinau-Moldova