Logo

12/3: Ein viktig dag i Dumitru sitt liv

Dumitru bur i Markus-huset i barnelandsbyen Concordia i Pirita aust for elva Nistru i Moldova. I dag fekk han to par splitter nye spesialbriller, pluss eit pent brukt leseTV, gitt av Hjelpemiddelsentralen i Hordaland, til odel og eige. Dermed kan den 12 år gamle guten gå framtida vesentleg lysare i møte.

I alt i dag fekk seks personar utlevert nye briller frå Tatiana og Hans Bjørn. Samtlege hadde vore til konsultasjon og utredning forrige gong Hans Bjørn var i Moldova. Brillene er produsert av, og levert til spesialpris, frå Multioptikk i Norge. I Moldova er det ikkje mogeleg å få laga spesialbriller av tilsvarande kvalitet.

Dumitru kom til barneheimen for nokre månader sia. Han har ei yngre søster og ein bror som også bur i Markus-huset i den nesten nye barnelandsbyen. Søskena har ein tøff bakgrunn. Foreldra har reist frå borna. Ein fosterfamilie ville ikkje ha Dimutru då dei skjøna at dei ikkje fekk så mykje pengar som dei hadde trudd for å ta seg av guten.

Dumitru har alt teke i bruk den nye leseTV’n. Han kan forstørra opp dei små bokstavane i boka til akkurat den storleiken som passar best å lesa på skjermen.

 

I Markus-huset har dei det godt og trygt. Barnelandsbyen har mange hus, alle nye, og sponsa av austerrikske Concordia Sozialprojekte. Personalet gav eit fantastisk godt inntrykk, og borna var tillitsfulle, smilande og glade. Det var ei god atmosfære i Markus-huset.

“Den som reddar ei liv, reddar heile verda” er Concordia sitt motto.

Du kan lesa meir om Concordia sitt engasjement i Moldova ved å følgja linken: http://www.concordia.or.at/concordia_en/projects/moldava.html

 ——————————
Kåre Ness
UtanriksKÅREspondent/Chisinau- Moldova