Logo

12/3: Tårene trilla for Tamara

Tamara Urinceanu (49) trudde ikkje sine eigne auge då ho fekk nyebrillene på. Ho vart så rørt at ho ei stund mista munn og mæle. Ho fekk ikkje fram eit ord medan tårene strøymde.

– Eg har drøymt om dette lenge. I dag har verda endra seg. At eg fekk møta dykk, viser at Gud finst, sa ho då stemma kom tilbake.

Tamara var svaksynt frå fødselen av. Målingane viste at utan briller var synsevna to prosent, og med gamlebrillene åtte prosent. Når ho tek på seg nyebrillene, har synsevna auka til 40 prosent. Det betyr at ho ser godt nok til å greia alle daglege gjeremål på eiga hand, og kan lesa avisa utan vanskar.

Tatiana Ghidirimshi og Hans Bjørn Bakketeig delte gleda saman med Tamara Urinceano.

Tatiana Ghidirimshi, som er sjef for det nasjonale Kompetansesenteret for synshemma, (etablert av Hjelp Moldova i 2009) sier at ho var fast bestemt på å verta oftomolog (augeekspert) då ho spesialiserte seg under studiet.

– Eine veiledaren min sa eg burde verta hjartespesialist, men eg ville ikkje det. Eg kunne ikkje ha smerte, blod og død som ein del av kvardagen min.  Det finst knapt noko meir takknemleg enn å hjelpa “blinde” til å sjå.

—————————————
Kåre Ness
UtanriksKÅREspondent, Chisinau-Moldova