Logo

14/3: Glattkjøring i Criuleni

Doktor Jan konstaterer at dagens første pasient på sjukehuset i Criuleni, aust i Moldova,  er eit komplisert tilfelle. Sjukdommen har fått utvikla seg alt for lenge. Om 59-åringen hadde budd i Norge, ville han vore operert for mange år sia. Augekirurg Jan Askvik har teke seg ei veke "fri" frå Bergen Øyelegesenter. Han var med Hjelp Moldova første gong i 2004.  Seinare har han kvart år jobba ei veke vederlagsfritt med og for sine moldovske kollegaer ved sjukehus over heile Moldova. Pasienten er operert, og Jan kommenterer: - Han såg ingen ting på det sjuke auga. Om nokre dagar ser han. Det var ein krevande reparasjon; som å kjøra bil  med sommardekk på glatt vinterveg.

Utrangert i Norge, GULL i Moldova

Då Jan kom til Moldova første gong, oppfylde han ønskje nummer 1 frå augekirurgar Hjelp Moldova hadde møtt under arbeidet med synshemma gjennom mange år. Dei moldovske kirurgane spurde alltid om me kunne skaffa dei moderne kirurgisk utstyr. I 2004 Jan tok med si "gamle" maskin som han nett hadde skifta med ein nyare modell. Så var det heile i gang. No har Hjelp Moldova utstyrt ni sjukehus over heile landet med moderne utstyr.                     Full konsentrasjon med 59-åringen på benken. Jan operer, og kirurgkollegaene i Creuleni, dr George Lupashcu og dr Irina Guzum, assisterer. Kirurgisk avdeling ved sjukehuset i Criuleni er atypisk i Moldova. Ei gruppe frå byen Zug i Sveits har kosta full oppussing. Her er lyst og triveleg, fliselagde golv og vegger, og mykje nytt utstyr. Det augekirurgiske utstyret kjem frå Norge via Hjelp Moldova og Jan Askvik. Jan Askvik seier om skilnaden på norske og moldovske pasientar med grå stær: - I Norge er det vanleg at pasienten får hjelp på eit tidleg stadium. I Moldova vert mange blinde fordi dei ikkje får hjelp. ----

Fem fekk briller

Fem personar i alderen 16 - 60 år fekk nye briller under besøket i Creuleni. Etter at Hjelp Moldova kjøpte bil som leiar ved senteret, Tatiana Ghidirimshi, disponerer, kan ho også driva oppsøkjande verksemd. Det er på langt nær alle som har muligheit til å reisa til Synssenteret som ligg i hovudstaden Chisinau. Det er lettare å oppsøkja hjelp på heimstaden. Dei som fekk briller under besøket denne gongen, hadde vore til utredning førre gong Hans Bjørn Bakketeig var i Moldova. Brillene er levert på bestilling frå norske Multioptikk  som Hjelp Moldova har ein gunstig avtale med.                     Marjan Cerlat kunne gå smilande heim saman med mor si. Synsevna hans var 7 prosent utan briller. Med briller er prosenten auka til 60! Det gjer at 16-åringen har gode muligheiter til å klara seg godt på alle område. Om å verta sett i rett tid I fjor på same tid besøkte me også sjukehuset i Criuleni. Ein av pasientane som kom til utredning, var kraftig synshemma etter ei ulykke han var utsett for som 5-åring. Noko eksploderte like framfor gutungen, og han fekk alvorlege augeskader. Skadene medførte at pasienten, som no er ca 35 år, aldri fekk seg utdanning, og aldri kom seg i arbeid. Som dei fleste synshemma vart han ei byrde både for familie og samfunn. Etter ti minuttar lang konsultasjon konkluderte Hans Bjørn med at spesialbriller kunne hjelpa 35-åringen slik at han kunne sjå godt nok til å kunna klara seg i alle daglege gjeremål. Ein kan gjera seg mange tankar om kva som kunne vore annleis om mannen fått dei ti minutta for 30 år sia.

Om å komma, og komma tilbake

Hjelp Moldova har hjelpt om lag 5000 synshemma i løpet av siste ti åra. Hans Bjørn og Tatiana har undervist, drive lagbygging og gjort utredningar over heile landet. Det er ein pionerinnsats av nasjonal dimensjon. Men det er langt igjen. Haldningar og handlingsmønster er gammaldags og reaksjonært i alle lag av befolkningen. Foreldre trur dei synshemma borna deira er "invalide" og sjanselause, skulane tek berre mot "normale" elevar, og helsepersonell manglar ofte kompetanse og ressursar. Folk flest veit ikkje at synshemma kan få hjelp. Det finst sjølsagt dei som veit, kan og vil, men dei kjem ikkje nokon veg, for dei manglar utstyr, dei manglar midlar og dei får ikkje støtte og oppmuntring. Desto større er gleda og entusasmen mellom dei Hjelp Moldova kjem i kontakt og dialog med, og samarbeider med. Berre det at det kjem nokon og bryr seg, er stort, og gjev styrke og motivasjon. Og når me kjem igjen, og igjen, og ser kva som veks i kjølvatnet, ser me at det ikkje er umogleg å få til underverk.
Om du har ein gud eller ikkje:
I den grad folk ber sine bøner, og det gjer moldovarane, så opplevar dei som får hjelp til å sjå, at dei er bønhøyrde. ----------------------------------------
Kåre Ness
UtanriksKÅREspondent -  Chisinau/Moldova