Logo

Jan Askvik underviser moldovske kollegaer

Kvart år inviterer Jan Askvik i samarbeid med professor Valeriu Cusnir ved universitetssjukehuset Municipal i hovudstaden Chisinau, Moldova,  augelækjarar frå heile Moldova til seminar. På seminaret i mars 2012 føreleste Jan for eit trettitals augespesialistar frå heile Moldova. Denne gongen var tema vinkelblokkglaukon; ei undergruppe av grøn stær, som Jan har særleg interesse for. Jan hadde planar om ein times førelesing, men det heile varte to og ein halv tima grunna dei mange intrikate spørsmåla frå salen. Nok ein gong klarte Jan å skapa interesse for nye metodar for å stilla rett diagnose.

Jan Askvik sitt føredrag vekte stor interesse for dei omlag 30 moldovske spesialistane. Til høgre står dr. Tatiana Ghidirimshi som er leiar for hjelp Moldova sitt synssenter. Her er ho i sving som tolk for Jan. Professor Cusnir, den fremste augespesialisten i Moldova, sit nærast Jan Askvik.  Jan Askvik tek seg fri frå jobben ved Bergen Øyelegesenter ei veke kvart år for å operera grå stær-pasientar i Moldova og rettleia og undervisa sine moldovske kollegaer. Dette gjer han på ideelt grunnlag utan vederlag. Denne gongen besøkte han tre av dei dei sjukehusa som han i samarbeid med Hjelp Moldova har utstyrt med moderne kirurgisk utstyr og anna utstyr som trengst for utredning, diagnose og operasjon av grå stær. - Alt utstyr på universitetssjukehuset kjem frå Norge. Her finn eg igjen mitt eige operasjonsutstyr frå Bergen. Det dei har her er norsk teknikk, norsk finkirurgisk materiell og norsk steriliseringsutstyr.  Jan gleder seg over at utstyret, som er av prima kvalitet, er i dagleg bruk, vert teke godt vare på, og gjer god nytte sjøl om det ikkje er av siste modell.

Valentina Lupin er sjef for augeavdelinga ved Municipal universitetssjukehus. Ho synest det er stas å visa fram det norske utstyret ho nyttar dagleg. Jan Askvik besøkte denne gongen sjukehus i Ungeni i aust og Cimislia i sør. Desse institusjonane er mellom dei i alt ni sjukehusa som har norsk utstyr. I Cimislia var fylkesordføraren møtt for å helsa på nordmennene. Han sa: - Takk, tusen gonger takk! De sådde eit frø, og frøet veks. Mange er dei som nyt godt av det de sådde! -------

Opererte Spiridon Vangheli, internasjonalt kjent barnebokforfattar:

Ein av dei som fekk nyta godt av Jan Askvik sine operasjonsferdigheiter denne gongen, var den verdskjende moldovske barnebokforfattaren Spiridon Vangheli. Den 80 år gamle forfattaren burde vore operert for lenge sia slik tilfelle er med nesten alle eldre pasientar i Moldova. Vangheli sine bøker er omsett til meir enn 30 språk, og forfattaren er nominert til Astrid Lindgren-prisen 2012. Dette er den mest prestisjetunge, internasjonale heider for barne- og ungdomslitteratur. Les meir ved å følgja linken: http://www.suedia.mfa.md/news-embassy-en/488908/ Spiridon Vangheli hadde med to av bøkene sine i gåve til Jan Askvik. Den moldovske kjendisforfattaren skreiv meir enn gjerne helsingar til  dei andre i følgjet; her Galina Gradinari og Tatiana Ghidirimshi. I bakgrunnen Eugen Lillelid som foreviga det heile med filmkameraet sitt.         ----
Kåre Ness
UtanriksKÅREspondent, Chisinau/Moldova