Logo

Gåve frå Osøren Blues og Jazzfestival

Hans Bjørn Bakketeig fekk seg ei stor overrasking under Osøren Blues og Jazzfestival (OBJF) sitt bluesarrangement på Peppes, Os, den 31. august. Dei hadde nemleg bestemt seg for å støtta organisasjonen «Hjelp Moldova», og i pausen fekk han overrekt ein sjekk på 10 000 kroner til arbeidet med synshemma born i Moldova. Overraskinga var stor! - Som økonomisjef i OBJF likar eg å ha kontroll, og ikkje bli utsett for slike tiltak som gjer ein mållaus, sa en svært takknemleg Hans Bjørn, med tårer i augo. Men dette var ikkje alt! I tillegg vart det annonsert eit ekstra bluesarrangement i haust – ein velgjerdskonsert for Moldova-prosjektet! Denne blir arrangert på Peppes den 17. september. Sponsorane Peppes Pizza, Lyd og Lys Produksjoner, Hylland Invest, Meny og Skaathun Bilverksted AS stiller med lokale, lyd og lys, utgifter til kost og losji samt honorar til bandet. Konsertinntektene går til "Hjelp Moldova". Støttekonsert på Os 17. september Det australske bandet «Wolf Mail» er for tida på Europa-turné. Dei kjem frå Sverige, skal innom Oslo, Sandnes og Os, før dei skal vidare til Danmark og Tyskland. I Danmark skal dei mellom anna opna København Bluesfestival. Wolf Mail har sjølv ytra ønskje om å få spele på Os, og styret i OBJF fekk då ideen om ein støttekonsert. Sjølv om konserten på Os blir på ein måndag, håpar vi at det blir folksamt på Peppes den 17. No har de sjansen til å få høyra ein av dei største bluesartistane i verda, frontfiguren og gitaristen Wolf Mail har turnert i 20 år og vore innom dei fleste land. Samstundes kan de vere med å støtta eit godt tiltak. Velkomne til konsert! "Hjelp Moldova" takkar Osøren Blues og Jazzfestival for støtta og det gode tiltaket! Tekst og foto: Ingunn E. Bakketeig