Logo

Med Tove i Moldova:
FN-møte i Chisinau

Nicola Harrington-Buhay tok til som FN sin plassjef i Moldova (UN Resident Coordinator/UNDP Resident Representative) for berre vel ein månad sia. UNDP er forkorting for United Nations Developement Programme; FNs utviklingsprogram. Prioriterte oppgåver for FN i Moldova er å hjelpa landet til å utvikla eit demokratisk styresett og lovverk som inkluderer menneskerettar og miljøvern. I dette ligg også program for inkludering av menneske med nedsett funksjonsevne slik som til dømes synshemma.Vi inviterte oss sjøl til møte med den ferske FN-utsendingen, og fekk kjapt positivt svar.

Bildet: Nicola Harrington-Buhay på plass i ny jobb i Chisinau (Foto: Frå FN si Moldova-webside).

Hjelp Moldova ønskte å orientera om arbeidet i Moldova gjennom snart 20 år. Vi tenkjer oss muligheita av at FN-systemet på ein eller annan måte kan bidra positivt til å sikra det vi har bygt opp; særleg med tanke på Kompetansesenteret for synshemma. I dag er senteret heilt avhengig av private sponsorar i Norge. Det er eit for skjørt fundament.

Tove Brandvik med sin bakgrunn frå stortingskomiteen for familie, arbeid og sosiale saker, pluss erfaring som norsk representant i FN, såg det som både nyttig og ønskjeleg å møta den nye FN-utsendingen for å dela erfaringar og setja seg inn i kva oppgåver FN prioriterer i den tidlegare Sovjet-republikken.

 

Nicola Harrington-Buhay og hennar rådgjevar, Johan Hommes, i samtale med Tove Brandvik.

Det gledde oss å høyra Nicola Harrington-Buhay seia at for henne og medarbeidarane hennar  er det viktig å ha kontakt med organisasjonar som Hjelp Moldova. FN/UNDP i Moldova ønskjer å ta del i erfaringar gjort av organisasjonar og personar som over tid har jobba seriøst med tiltak som fremmar rettane til einskildpersonar og grupper, og som bidreg til å integrera dei i familie, skule og arbeidsliv. I så måte har FN/UNDP same målsetjing som Hjelp Moldova.

Med på møtet, frå venstre: FN-rådgjevar Johan Hommes, Nicola Harrington-Buhay, Tove Brandvik, Hans Bjørn Bakketeig, Tatiana Ghidrimshi og FN-rådgjevar Evgenij Golosceapov.

I tilbakemelding etter møtet skriv Nicola Harrington-Buhay mellom anna:

“Det var ei glede å møta dykk. Takk for at de tok dykk tid til å dela erfaringane frå det viktige arbeidet Hjelp Moldova utfører. Samtalen og erfaringsutvekslinga når det gjeld ivaretaking av menneske med nedsett funksjonsevne var både informativ og oppmuntrande.”

Lenke til FN sine Moldova-sider på nettet:

http://www.undp.md/about/resrep.shtml

Kåre Ness