Logo

Tove møter antitrafficking-sjef Ecaterina Berejan

Trafficking, eller menneskehandel, er eit omfattande og alvorleg problem over heile verda. Moldova er eit av dei landa som er hardast råka av det vi kan kalla vår tids slaveri. Mange moldovske kvinner og menn er rettslause offer for kjøp og sal, og vert kynisk utnytta som billeg arbeidskraft, eller i prostitusjon. Bakgrunnen for dette er først og fremst fattigdom. Ecaterina Berejan leiar regjeringa sin komite med spesialoppgåve å bekjempa menneskehandel i Moldova. Tove Brandvik og Hjelp Moldova møtte henne og medarbeidarane hennar i det moldovske regjeringsbygget.

Moldova skreiv i 2005 under FN og EU sine konvensjonar om antitrafficking. No har landet etablert eit lovverk som skal hindra menneskehandel, og aksjonsplanar for dette.

Ecaterina fortel at i alle landsbyar, kommunar og regionar skal det no finnast sosialarbeidar med ansvar å hindra at utsette personar eller grupper endar opp som nye offer. Det er etablert program og planar for å oppspora ofre, hjelpa dei til å venda tilbake, og integrera dei i lokalsamfunnet med trygge rammer og trygge omgjevnader. Dette er eit tverrfagleg arbeid der alle relevante departement, politi, helsevesen og skulevesen samarbeider. Menneskehandelen er grenselaus. Ofra vert smugla frå land til land. Difor er internasjonalt samarbeid ein avgjerande del for å komma uvesenet til livs.

Ecaterina seier at utfordringane er mange. Særleg viktig er dei proaktive tiltaka. Eit døme på dette er at styresmakten arbeider med å få slutt på dei mange skulane for foreldrelause der eit stort tal born  bur på internatliknade institusjonar. Slike institusjonar har vist seg å vera gode rekrutteringsplasser for “oppkjøp” av fattig ungdom. No freistar styresmaktene å finna fleire stabile fosterheimar, og etablera mindre einingar for desse borna.

-Vi arbeider med stor kraft for å få etablert eit godt lovverk og god infrastruktur, samt harmonisera dette med det internasjonale samfunnet. Samstundes ser vi at det er eikn lang veg å gå frå å ha dette på papiret til det er gjennomført i praksis, seier Ecaterina.

Ecaterina Berejan nummer to frå venstre saman med dei næraste medarbeidareane sine; Valentin Sasu, Natalia Moisevici og Ala Vechiu. Tove Brandvik til høgre.

Den tidlegare Sovjet-republikken Moldova er ein ung nasjon. Landet er definert som det fattigaste i Europa. Den  politiske situasjonen er til dels kaotisk. Infrastrukturen er svak. Med mangelfullt statistisk materiale, er det vanskeleg å få fullstendig oversikt på omfanget av menneskehandelen. Landet får hjelp utanfrå til å bygga struktur. FN og EU arbeider med ulike støtteprogram. Norge har til dømes ytt hjelp via Statisitisk Sentralbyrå. Det norske justisdepartementet har ytt midlar til å oppretta eit internasjonalt politikontor i hovudstaden.

Det lyser vilje, glød og engasjement av Ecaterina Berejan når ho fortel om arbeidet med å hindra menneskehandel i Moldova.

Vi Hjelp Moldova har hatt gleda av å kjenna Ecaterina Berejan i snart 20 år. Ho var med i gruppa vi oppretta samarbeid med då vi først kom til landet i 1993. Ho har hatt ulike jobbar på eit av universiteta i hovudstaden før ho gjekk til departementet for familie, arbeid og sosiale saker. For eitt år sidan søkte ho go fekk som ansvarleg for antitrafficking-programmet. Jobben hennar fører med seg mykje reising og representasjon i utlandet. Ho er godt kjend med Norge og norske forhold etter å ha hatt sommarjobb i mange år på ei fiskeribedrift på Osterøy. Med det låge lønsnivået i Moldova er det ikkje uvanleg at høgt utdanna personar i viktige stillingar skaffar seg feriearbeid utanlands.

Tekst og foto: Kåre Ness