Logo

Kort prosjektoversikt 2010/2011

1) Synsprosjektet:

Hovudinnsatsområdet vårt er, og skal i tida framover vera Synsprosjektet. Det kan vi igjen dela inn i:

a) Arbeidet ved Det nasjonale kompetansesenteret for synshemma. Kompetansesenteret vart opna av viseministeren i “sosialdepartementet” våren 2008, og representerer på mange måtar summen av nær 10 års arbeid med og for synshemma i Moldova. Arbeidet har gått ut på opplæring av fagpersonale, diagnostisering og formidling av synshjelpemiddel. Hjelp Moldova har tilsett og løner lege, sjukepleiar og ein stabsfunksjon. Augelege og spesialist Tatiana Gidhirimshi leiar sentert.

Bildet: Ung gut med splitter ny spesialbrille. Brilla er festa til hovudet/panna fordi guten har ein hudsjukdom på nasa, og derfor ikkje toler ei brille som kviler på nasa. Gjett om han var glad då han fekk ny brille heilt gratis på synssenteret!

b) Skaffa medisinsk/optisk utstyr til sjukehus og poliklinikkar. Dette pågår kontinuerleg. Hjelp Moldova har i samarbeid med spesialist og augekirurg Jan Askvik ved Bergen Øyelegesenter med fleire skaffa til veie og introdusert moderne utstyr for operasjon av grå stær. Jan Askvik har i fleire år lært opp moldovske kollegaer i bruk av utstyret. Moldova var siste land i Europa som før det opererte grå stær med 50 år gammal teknikk.

c) Kompetanseheving for augelegar. Ref avsnittet over: Jan Askvik har i fleire år lært opp moldovske kollegaer i bruk av utstyret. Moldova var siste land i Europa som før det opererte grå stær med 50 år gammal teknikk.All hjelp og hjelpemidlar frå oss er gratis for mottakarne. Optikar og leiar for Hjelp Moldova, Hans Bjørn Bakketeig, har i mange år stått for omfattande kursverksemd innan sitt fagfelt.

2) Formidling av utstyr og hjelpemidlar til sjukehus og institusjonar:

Behovet er skrikande ved alle sjukehus og institusjonar i landet. Vi har vore heldige og fått overta nytt og brukt utstyr av god kvalitet i Norge og overlevert direkte til sjukehus og institusjonar i Moldova. Våre viktigaste sponsorar er Hjelpemiddelsentralen i Hordaland, andre Hjelpemiddelsentralar i landet, diverse sjukehus og ikkje minst optikarar og andre spesialistar.

3) ”Mor og barn”sjukehuset;

ofte omtalt som ”Statoil-sjukehuset” grunna stort engasjement mellom Statoil-tilsette til gunst for barneavdelinga. Harry Ertresvaag, tidlegare leiar i Statoil Forpleining, er eldsjel i arbeidet med å rehabilitera pasientrom og sanitærrom ved barneavdelinga. Barneavdelinga var i svært dårleg forfatning då vi kom der første gang for fem, seks år sia. Dei mangla alt; ikkje minst gjorde dei elendige sanitærforholda sterkt inntrykk. Ikkje ein gong varmt vatn var der på dette svære sjukehuset i hovudstaden. No har dei fått modernisert dei fleste sanitærromma, fått masse nytt sengetøy, madrasser, møblar og anna utstyr. Barneavdelinga har fått eit realt løft, men enno står det mykje igjen å gjera.

4) Barnehage nr. 74 i Chisinau:

Nr 74 har fått rehabilitert bad og toilett, her er lagt nye golv, og tilført nytt utstyr og hjelpemidlar. Midlane kjem stort sett frå basarane ved Spelhaugen Dagheim for psykisk handicappa i Fyllingsdalen. Spelhaugen har utført eit realt underverk for born og tilsette ved nr 74. Første gong Hjelp Moldova kom til barneheimen vart vi møtt med skepsis (på same måte som vi vart førte gong ved “statoil-sjukehuset). Dei hadde hatt gjestar før som lovde å koma tilbake med hjelp, men som aldri kom. No vert vi tekne mot som heltar og velgjerarar, og dei veit ikkje kva godt dei kan gjera for oss når vi er der. No ønskjer di å byggja ein liten gym-sal ved barneheimen, og er nesten i mål med ca 10000 Euro som trengst for å realisera dette.

5) Julegåveprosjektet

held fram også i 2010. Medlemmer og andre kan kjøpa ”aksjebrev” som alternativ julegåve. Pengane som kjem inn, vert nytta for trengande familiar eller enkeltpersonar med tanke på å gje dei eit løft i juletida. Prosjektet har betydd mykje for ei rekkje vanskelegstilde familiar og enkeltpersonar dei siste åra; både i form av pengar/mat/utstyr, men det har også betydd mykje for mottakarane at det er nokon som tenkjer på dei.

6) Familie/tuberkuloseprosjektet:

I ei rekkje år freista vi hjelpa tuberkuloseramma barnefamiliar med å etablera ein god nok hygienisk standard i heimen for å få bukt med sjukdommen. Dette har vore svært krevande. Alkoholproblem i familiane har gjort at innsatsen vår har gitt lite igjen. Vi har difor avslutta dette prosjektet som prosjekt.

Imidlertid er vi framleis engasjert i ein familie som fekk nytt hus av oss. Det såg ut som dette skulle få ein bra utgang, men framilien slit på mange område (ikkje alkohol). Trass i samarbeid med den lokale soialetaten er vi ikkje trygge på at vi lukkast slik vi gjerne ville.

Kåre Ness