Logo

Solidaritetsaksjon på Os Gymnas

Tidlegare i haust var elevane Oda Wågsæther Egenæs og Aleksandra Hjelle frå Os Gymnas med til Moldova. Tysdag 16. oktober heldt dei foredrag for alle medelevane sine på gymnaset, og dei hadde laga ei fin PowerPoint-framsyning med bilete frå Hjelp Moldova sitt arbeid. Med fokus på synshjelp-prosjektet oppfordra dei medelevane sine til å gjere ein innsats på solidaritetsdagen skulen arrangerer den 25. oktober.

Følg denne linken til www.midtsiden.no og ein flott artikkel om dette arbeidet.